Fruktlekam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fruktlekamar hjå ulike hattsoppar

Ein fruktlekam (sporokarp) er den delen av ein sopp der dei kjønna sporane blir danna.[1] Faguttrykket for ein fruktlekam hjå sekkesporesoppar er ascokarp, og hjå stilksporesoppar heiter han basidiokarp.[1] Sekksporesoppane dannar lekamen etter plasmogami-stadiet.[2]

Fruktlekamen kan veksa under bakken, slik han gjer hjå trøflar,[1] eller kan veksa over bakken. På folkemunne viser ordet «sopp» ofte til ein av fruktlekamane til hattsoppane. Sjampinjongar, flugesoppar eller kantarellar er døme på dei fruktlekamane ein gjerne tenkar på frå desse soppartane. Mesteparten av organismen lever likevel som mycel. Avhengig av korleis soppen skaffar seg næring kan mycelet trenga djupt ned i bakken eller inn i ein døyande organisme.

Cellevevet som produserer sporar blir kalla hymenium. Det blir danna som ei tynn hinne utanpå vev som blir kalla hymenofor. Hymenoforet kan vera glatt, rynka, pigga, poreforma, røyrforma, ribbeforma eller skiveforma. Tradisjonelt har forma og utsjånaden til dette vevet vore viktig i systematiseringa av dei mange ulike artane av sopp. Det blir ikkje brukt på den måten lenger, men er framleis praktisk for feltarbeid.

Hattsoppar er soppar som dannar fruktlekamar med ei karakteristisk form, med ein fot, ein stilk og ein hatt. Hattsoppar er ikkje ei systematisk gruppe, men heller ein morfologisk karakteristikk av fruktlekamen blant mange stilksporesoppar som er praktisk for å finna og kjenna att mange artar. Sjølv om nokre sekkesporesoppar også har ei form som kan minna om ein fot og ein hatt, blir dei ikkje rekna som hattsoppar. Eit døme på dette er morklar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «fruktlegeme». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  2. «Botanisk - og plantefysiologisk leksikon». Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo. Henta 3. februar 2024.