Stilksporesoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stilksporesoppar
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrike: Dikarya
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
de Bary, 1866

Stilksporesoppar (Basidiomycota) er den eine av to store grupper som soppriket tradisjonelt blir delt i, den andre gruppa er sekksporesoppar. Desse to gruppene blir gjerne rekna som «høgare sopp». Nokre forskarar samlar dei i underriket Dikarya i soppriket. Felles for alle stilksporesoppar er at dei kjønna sporane blir danna utvendig på små stilkar, sterigmar, i toppen av oftast kølleforma celler som blir kalla basidiar.[1]

Stilksporesoppane omfattar dei fleste av dei velkjende soppgruppene, som skivesoppar, røyrsoppar, kjuker, gelésoppar, røyksoppar og kantarellar, men også av fleire soppgrupper som ikkje dannar store fruktlekamar, som rustsoppar og sotsoppar.

Generelt består stilksporesoppar av hyfar, og reproduserer seg seksuelt ved hjelp av klubbeforma celler i enden av hyfar som kvar har fire meiosporar festa på utsida ved hjelp av ein liten stilk. Desse seksuelt produserte sporane blir kalla basidiosporar. Nokre stilksporesoppar reproduserer seg aseksuelt.

Klassar[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Catalogue of Life inneheld denne divisjonen følgjande klassar.[2]

Treliste

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Høiland, Klaus: stilksporesopper i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 2. august 2022
  2. Bánki, O., Roskov, Y., Döring, M., Ower, G., Vandepitte, L., Hobern, D., Remsen, D., Schalk, P., DeWalt, R. E., Keping, M., Miller, J., Orrell, T., Aalbu, R., Adlard, R., Adriaenssens, E. M., Aedo, C., Aescht, E., Akkari, N., Alfenas-Zerbini, P., et al. (2022). Catalogue of Life Checklist (Versjon av 12. juli 2022). Catalogue of Life.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]