Fruška Gora
Fruška Gora | |||
fjell | |||
Fruška Gora frå sør.
| |||
Land | Serbia, Kroatia | ||
---|---|---|---|
Høgd | 539 moh. | ||
Koordinatar | |||
Fruška Gora 45°09′04″N 19°42′40″E / 45.1511°N 19.7111°E | |||
Wikimedia Commons: Fruška Gora |
Fruška Gora (serbisk Фрушка Гора eller Fruška Gora, kroatisk Fruška Gora, ungarsk Tarcal, latin Alma Mons) er eit fjell nord i Syrmia i Serbia, stundom kalla, «juvelen i Vojvodina» på grunn av det vakre landskapet, naturen og landsbygda. Ein mindre del av fjellet i vest ligg i Kroatia.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Fjellet har fått namnet sitt etter det gamle serbokroatisk namnet for det frankiske folket, Fruzi (frug=frankar, fruzi=frankarar, fruški=frankisk). Oversetjinga av Fruška Gora vil dermed verte «Det frankiske fjellet». Fjellet fekk dette namnet fordi det var ei naturleg grense under frankarane sitt felttog. I Romarriket vart fjellet kalla Alma Mons (frodig fjell).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Det meste av fjellet ligg i Vojvodina i Serbia, og ein mindre del i vest ligg i Kroatia. Fjellet grensar mot Donau i nord. Det er om lag 80 km langt frå aust til vest, og om lag 15 km frå nord til sør. Den høgaste toppen er Crveni Čot på 539 m.
Fjellsidene i Fruška Gora er godt egna for druer, og mange vindyrkarar produserer Traminer, Riesling og andre vinar i området. Det frodige og vakre området har trekt til seg folk gjennom lange tider, og gjer det framleis i dag. Det har vorte kjend for det fredfulle og rike livet til innbyggjarane, og ein stad der vitjande kan nyte ro og fred i vakre omgivnadar.
Ein stor del av området (25 525 kvadratkilometer) har vore ein nasjonalpark i Serbia sidan 1960.
Kloster
[endre | endre wikiteksten]Det ligg meir enn seksten serbisk-ortodokse kloster ved Fruška Gora på grunn av dei gjestfrie, naturlege omgivnadane. I følgje historiske kjelder oppstod desse klostera på byrjinga av 1500-talet. Segner skal derimot ha det til at dei vart oppretta mellom 1100- og 1400-talet. Alle klostera ligg innanfor eit 50x10 km stort område, og gjennom hundreåra har klostera opprettheldt det andelege og politiske livet i Serbia.
Liste over klostera:
- Beočin - Tyrkarane nemner først klosteret i 1566/1567.
- Bešenovo - I følgje segna vart klosteret grunnlagd av den serbiske kongen Stefan Dragutin på slutten av 1200-talet. Dei tidlegaste historiske kjeldene om klosteret er frå 1545.
- Velika Remeta - Tradisjonelt er Kong Dragutin nytta til grunnlegginga. Dei tidlegaste historiske kjeldene er derimot frå 1562.
- Vrdnik-Ravanica - Kjelder indikerer at kyrkja vart bygd rundt tida til Metropolitan Serafim, den andre halvdelen av 1500-talet.
- Grgeteg - I følgje tradisjonen vart klosteret grunnlagd av Zmaj Ognjeni Vuk (Despot Vuk Grgurević) i 1471. Dei tidlegaste historiske kjeldene går derimot berre tilbake til 1545/1546.
- Divša - Ein meiner at klosteret vart grunnlagd av Despot Jovan Branković seint på 1400-talet. Dei tidlegaste historiske kjeldene om klosteret går tilbake til andre halvdel av 1500-talet.
- Jazak - Klosteret vart grunnlagd i 1736.
- Krušedol - Klosteret vart grunnlagd mellom 1509 og 1516, av biskop Maksim (Despot Đorđe Branković) og mor hans Angelina.
- Kuveždin - Tradisjonelt meiner ein at klosteret vart grunnlagd av Stefan Štiljanović. Den første historiske kjelda er derimot frå 1566/1569.
- Mala Remeta - Ein meiner det var kong Dragutin som grunnla klosteret. Dei tidlegaste historiske kjeldene går tilbake til midten av 1500-talet.
- Novo Hopovo - I følgje segner vart klosteret bygd av despotar frå Huset Branković. Dei første pålitelege kjeldene er derimot frå 1641.
- Privina Glava - Segna seier det var ein mann kalla Priva som på 1100-talet grunnla klosteret. Dei tidlegaste kjeldene går tilbake til 1566/1567.
- Petkovica - Det var visstnok enkja av Stefan Štiljanović, despotessa Jelena, som grunnla dette klosteret. Dei tidlegaste historiske kjeldene nemner først klosteret i 1566/1567.
- Rakovac - I følgje ei segn skriven ned i 1704, vart Rakovac grunnlagd av ein mann kalla Raka, hoffmann hos Despot Jovan Branković. Segna seier at Raka reiste klosteret i 1498. Dei tidlegaste sikre kjeldene nemner klosteret i 1545/1546.
- Staro Hopovo - I følgje segna vart klosteret grunnlagd av biskop Maksim (Despot Đorđe Branković). Dei første nedskrivne kjeldene går tilbake til 1545/1546.
- Šišatovac - Klosteret vart visstnok grunnlagd av flyktande munkar frå det serbiske klosteret Žiča. Historiske kjelder går tilbake til midten av 1500-talet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nasjonalparken Fruška Gora Arkivert 2009-03-01 ved Wayback Machine.
- Klostera i Fruška Gora Arkivert 2007-11-18 ved Wayback Machine.