Fußstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fußstein
fjell
Olperer Fußstein Geraerhuette.jpg
Fußstein til høgre, med Olperer til venstre på toppegga
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Zillertaleralpane
Høgd 3 380 moh.
Koordinatar 47°2′48″N 11°38′57″EKoordinatar: 47°2′48″N 11°38′57″E

Fußstein
47°2′48″ N 11°38′57″ E

Fußstein, opphavleg også «Fuirstein» (=eldberg), er eit 3 380 meter over havet høgt fjell i Zillertalalpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen står på Tuxerkammen, ein kilometer sørvest for Olperer, mellom dei to toppane går ei kvass egg. På både nordsida og sørsida av Fußstein ligg vide isbrear; i nord Olpererferner og i søraust Unterschrammachkees.

R. Starr, J. Eberl og H. Lechner kleiv i 1880 opp på toppen av Fußstein, dei tok seg opp søraustsida. Turruta deira er den greiaste, men normalvegen går opp sørsida.

Fußstein består av granitt og gneis. Det solide berget gjer at Fußstein er eit ynda mål for fjellklatrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]