Hopp til innhald

Zillertalalpane

Zillertal-Alpane
fjell
Utsyn frå nord mot hovudfjellkjeda i Zillertalalpane
Land  Italia
Fjellkjede Dei sentrale alpane
Høgd Hochfeiler - 3 509 moh.
Koordinatar 47°00′N 11°55′E / 47.000°N 11.917°E / 47.000; 11.917
Kart
Zillertal-Alpane
47°00′N 11°48′E / 47°N 11.8°E / 47; 11.8
Wikimedia Commons: Zillertaler Alpen

Zillertal-Alpane (italiensk Alpi Aurine, tysk Zillertaler Alpen) er ei fjellkjede i Dei sentrale Alpane på grensa mellom Italia og Austerrike. Ho vert rekna som ein del av Dei sentrale Alpane. Fjellkjeda har fått namn etter Zillertal som elva Ziller renn gjennom.

Fjellkjeda grensar til Tuxerjochpasset i nord med Tuxeralpane på andre sida. Birnlücke-Forcella del Picco-passet ligg i aust med Hohe Tauern på andre sida. I sør ligg elva Isarco og sideelva hennar Rienza med Dei sørlege kalksteinsalpane på andre sida og Brennerpasset ligg i vest med Stubaieralpane på andre sida.

Fjelltoppar

[endre | endre wikiteksten]
Hochfeiler, sett frå nord
Große Möseler
Schrammacher til venstre, og Olperer. Illustrasjon frå 1894
Hochfernerspitze

Dei høgste fjelltoppane i fjellkjeda er:

Hochfeiler 3 509 m Hohe Weißzint 3 371 m
Große Möseler 3 478 m Schwarzenstein 3 369 m
Olperer 3 476 m Roßruggspitze 3 304 m
Hochfernerspitze 3 463 m Reichenspitze 3 303 m
Hintere Weißspitze 3 431 m Gefrorene-Wand-Spitze 3 288 m
Turnerkamp 3 418 m Große Mörchner 3 287 m
Schrammacher 3 410 m Wildgerlosspitze 3 278 m
Möselekopf 3 390 m Vordere Weißspitze 3 276 m
Fußstein 3 380 m Tribbachspitze 3 267 m
Große Löffler 3 376 m Große Kaserer 3 263 m

Fjellovergangar

[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Zillertal-Alpane er:

FjellovergangStadTypeHøgd (moh)
MitterbachjochZemmtal til Sand in Taufers-Campo Turessnø3130
TrippachsattelFloitendalen til Sand in Tauferssnø3054
AlpeinerscharteZemmtal til Wipptalsti2960
KeilbachjochMayrhofen til Ahrntal-Valle Aurinasti2868
HeiliggeistjöchlMayrhofen til Ahrntalsti2658
KrimmlertauernKrimml til Ahrntalsti2634
HorndljöchlMayrhofen til Ahrntalsti2555
LappacherjochLappach-Lappago til Ahrntalsti2366
TuxerjochTuxertal til Wipptalsti2346
PfitscherjochZemmtal til Sterzing-Vipitenosti2248

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]