Fucecchio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Fucecchio

Fucecchio er ein by og ein kommune i provinsen Firenze i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har mellom 23- og 24 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 65 km². Byen ligg i Arno-dalen, 25 meter over havet og om lag 40 kilometer vest for provinshovudstaden Firenze.

Næringslivet i Fucecchio er basert på produksjon av lervarer, sko og andre liknande industriar. I seinare år har verksemdene i alle desse industriane slite i tevlinga med utanlandske konkurrentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]