Provinsen Firenze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Firenze
provins
none
Land Flag of Italy.svg Italia
Region Toscana
Hovudstad Firenze
Areal 3 514 km²
Folketal 933 860
Postnummer 50100
Retningsnummer 055
Firenze posizione.png
Wikimedia Commons: Province of Florence

Provinsen Firenze (italiensk Provincia di Firenze) er ein tidlegare provins i Toscana i Italia. Han blei erstatta i 2015 av Città metropolitana di Firenze ('Metropolbyeb Firenze').

Provinsen hadde eit areal på 3 514 km² og totalt 933 860 innbyggjarar (2004). Det var 44 kommunar i provinsen. Provinshovudstaden var byen Firenze.

Mykje av provinsen låg på sletta til elva Arno og store delar av han høyrde til storbyområdet til Firenze. Den nordaustlege delen av provinsen, som låg i Appenninane, var derimot langt meir urørt.

Bortsett frå Firenze var andre byar og viktige stader i provinsen Barberino Val d'Elsa, Fiesole, Greve in Chianti og Tavarnelle Val di Pesa.

Største kommunar[endre | endre wikiteksten]

(Per 30. juni 2005)

Kommune Ibuarar
Firenze 368 178
Scandicci 49 774
Sesto Fiorentino 46 631
Empoli 46 056
Campi Bisenzio 39 101
Bagno a Ripoli 25 539
Fucecchio 22 006
Pontassieve 20 602

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]