Fugazi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fugazi
Fugazi.jpg
Fugazi opptrer i mars 2002.
Opphav USA
Sjanger Indie Rock
Alternative rock
Punk Rock
Post-hardcore
Aktive år 1987- (pause sidan 2002)
Plateselskap Dischord Records
Nettside www.dischord.com/band/fugazi

Fugazi er ei innverknadsrik hardcore-gruppe frå Washington DC i USA. Gruppa vart starta i 1987 av Ian MacKaye (vokal, gitar), Joe Lally (bass, seinare også vokal) og Colin Sears (trommer). Sears forlet etter kort tid gruppa til fordel for Dag Nasty, og vart erstatta av Brendan Canty. Etter nokre månader vart gruppa supplert med Guy Picciotto på ekstra gitar og vokal. MacKaye hadde tidlegare vore vokalist i Minor Threat og Embrace, medan Canty og Picciotto begge hadde ei fortid i Rites of Spring, Happy Go Licky og One Last Wish.

Gjennom heile si eksistens har gruppa vore prega av ein gjer-det-sjølv-haldning. Dei har gitt ut platene sine på Dischord Records og avslått fleire tilbod frå store selskap av prinsippielle årsaker, dei lagar ikkje effektar, dei krev at konsertarrangørar skal halde ein låg inngongspris, og dei spelar ikkje konsertar der det er aldersgrense. Dei nektar også å la seg intervjue av blad som har reklame for alkohol og/eller tobakk. I motsetnad til mange andre hardcore-grupper har Fugazi også ein policy på å slå ned på brutal oppførsel blant publikum på dansegolvet, såkalla slam-dance. Denne filosofien har også vist seg på andre måtar, blant anna har gruppa stilt opp for ei rekkje ulike formål. Fugazi har sidan 2002 hatt ein pause.

Musikalsk har Fugazi hatt relativt stor betydning innan hardcore-scena. Gruppa var frå byrjinga av både prega av og ein premissleverandør for emo-hardcore. Gruppa sitt lydbilete har også gjennom heile karrieren vore prega av ulike støybilete og markante brot mellom støyande og rolege parti. Fugazi har også henta impulsar frå andre musikkstilar, som funk, reggae og jazz, sjølv om hardcoren har vore i grunnen heile vegen. Det er likevel ei klar utvikling å spore gjennom bandets utgjevingar, der dei har blitt stadig meir eksperimentielle. Dei fleste tekstane til Fugazi er nokså politiske, men det er også mogleg å merkje ein forskjell på tekstane til dei ulike tekstforfattarane.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fugazi (mini-LP/kassett, 1988)
  • Margine Walker (mini-LP/kassett, 1989)
  • 13 songs (CD, 1989)*
  • 3 songs (7", 1990)
  • Repeater (LP/kassett/CD, 1990)**
  • Steady Diet of Nothing (LP/kassett/CD, 1991)
  • In on the Kill Taker (LP/kassett/CD, 1993)
  • Red Medicine (LP/kassett/CD, 1995)
  • End Hits (LP/kassett/CD, 1998)
  • Instrument (VHS/DVD, 1999)
  • Instrument Soundtrack (LP/kassett/CD, 1999)
  • Furniture + 2 (7"/CD, 2001)
  • The Argument (LP/CD, 2001)

*Består av Fugazi og Margine Walker.
**CD-versjonen også med 3 songar.
Alle platene er gjevne ut på Dischord Records.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]