Full Tilt Boogie Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Full Tilt Boogie Band
AliasFull Tillt Boogie Band
OpphavStratford, Ontario, Canada
SjangerPsykedelisk rock
Tidlegare medlemmerJohn Till
Richard Bell
Clark Pierson
Brad Campbell
Ken Pearson

Full Tilt Boogie Band var ei kanadisk rockegruppe knytt til Janis Joplin ved slutten av karrieren hennar. Gruppa blei opphavleg skipa som Full Tillt Boogie Band med eit ordspel på namnet til frontfiguren John Till. Medlemmene i gruppa var gitaristen John Till, pianisten Richard Bell, bassisten Brad Campbell, trommisen Clark Pierson og organisten Ken Pearson.[1]

John Till skipa Full Tillt Boogie Band ved slutten av 1960-åra som eit sideprosjekt til anna arbeid han gjorde som studiomusikar i New York. Alle medlemmene i gruppa var kanadiarar, dei fleste frå Stratford og Woodstock i Ontario.

Både Till og andre musikarar frå denne gruppa hadde arbeidd med Janis Joplin i gruppa Kozmic Blues Band. Medan Joplin mislikte nokre av musikarane i Kozmic, samarbeidde ho godt med Till. Ho blei einig med han om å synga med heile Full Tillt, som då endra namn til Full Tilt Boogie Band. Joplin tok ei meir aktiv rolle i danninga av denne gruppa, og skal ha sagt: «Full Tilt Boogie Band er mi gruppe. Endeleg er det mi gruppe!»[2]

Janis Joplin og Full Tilt spelte saman for første gong den 4. april 1970 ved Fillmore West-studioa i San Francisco. Dei la ut på turné i USA og Canada i mai 1970.[1] Frå 28. juni til 4. juli spelte dei på den kanadiske Festival Express-turneen saman med grupper som Grateful Dead, Delaney and Bonnie, Rick Danko og The Band, Eric Andersen og Ian & Sylvia. Dei hadde konsertar i Toronto, Winnipeg og Calgary.[3][4]

Den siste framsyninga til gruppa fann stad 12. august 1970 på Harvard Stadium i Boston i Massachusetts. Gruppa hadde fått utstyret sitt stole der og spelte med erstatningsforsterkarar, men fekk likevel god kritikk på framsida av Harvard Crimson.[5]

I september 1970 byrja Full Tilt og Joplin å spela inn eit nytt album i Los Angeles med produsenten Paul A. Rothchild. 4. oktober døydde Joplin av ein overdose. Sjølv om innspelinga ikkje var ferdig, var det nok brukbart materiale til å kunna gje ut hennar siste album, Pearl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Full Title Boogie Band," (www.autofacts.ca/classicrock/bio_fulltiltboogieband.html) Canadian Classic Rock Page, retrieved June 22, 2008. archive.org
  2. "Full Tilt Boogie Band is my band. Finally, it's my band!" Echols, Alice (2000-02-15). Scars of Sweet Paradise: The Life and Times of Janis Joplin. Henry Holt and Company. ISBN 0805053948. 
  3. Amburn, Ellis (October, 1992). Pearl: The Obsessions and Passions of Janis Joplin : A Biography. Time Warner. ISBN 0446516406. 
  4. Dalton, David (1991-08-21). Piece Of My Heart. Da Capo Press. ISBN 0306804468. 
  5. Friedman, Myra (1992-09-15). Buried Alive: The Biography of Janis Joplin. Crown Publishing Group. ISBN 0517586509. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]