Psykedelisk rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Psykedelisk rock
Stilmessig opphav: Garagerock, folkrock, blues og stundom rāga
Kulturelt opphav: Midten av 1960-talet i Storbritannia og USA
Typiske instrument: Elektrisk gitar (vanlegvis med effektar som fuzz, phaser, flanger, rever osv.) - Bassgitar - Trommer - Elektrisk orgel - Sitar - Moogsynthesizer - Theremin - lydeffektar (t.d. innspelingar baklengs)
Populær periode: På topp mot slutten av 1960-talet
Avleidde former: Progressiv rock - hardrock - heavy metal - kunstrock - space-rock - stoner rock - krautrock - zeuhl - new age - punkrock - protopunk - jam band - dub-reggae
Undersjangrar
Acid rock - neo-psychedelia
Blandingssjangrar
Psykedelisk pop - psykedelisk soul - psykedelisk folk

Psykedelisk rock er ein sjanger innan rock som musikalsk prøver å gjenskape effekten av hallusinogen.[1] Han dukka opp på midten av 1960-talet hos garage- og folkrock-band i Storbritannia og USA. Psykedelisk rock er ein overgang frå tidlegare blues-basert rock til progressiv rock og heavy metal, men nytta òg ikkje-vestlege musikkstilar som indisk rāga og sitar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Sjangeren nyttar typisk elektriske gitarar og studioeffektar som innspelingar gjort baklengs, panorering (der lyden flyttar seg mellom stereokanalane), faseregulering, forseinkingsloopar og ekstrem klang, samt eksotiske instrument som sitar og tabla. Tangentinstrument vert mykje brukt, særleg hammondorgel, Farfisa og voxorgel, elektrisk piano, cembalo og mellotron. Musikken er ofte basert på lange instrumentale solar, modale melodiar og surrealistiske og esoteriske eller underlege tekstar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første musikarane som eksperimenterte med psykedeliske stoff var innan jazz- og folkemusikkmiljøa og uttrykket «psykedelisk» vart første gong nytta i popmusikk av folkgruppa The Holy Modal Rounders i 1964 med songen «Hesitation Blues».[treng kjelde] Bandet The Deep har som regel fått æra for første gong å bruke ordet «psykedelisk» i rockemusikk på albumet deira The Psychedelic Moods of the Deep i 1966. Roky Erickson, som var vokalist i The 13th Floor Elevators nytta uttrykket 'psykedelisk rock' i eit intervju i 1966.

I 1962 dukka britisk rock opp for fullt og spreidde seg til resten av verda med den britiske invasjonen. Mange jazz- og bluesmusikarar byrja å nytte dop og det var referansar til dette i tekstane deira. Forfattarar i beat-generasjonen som William Burroughs, Jack Kerouac, Allen Ginsberg og særleg Timothy Leary, Alan Watts og Aldous Huxley var sterkt medverkande til tankegangen til den nye generasjonen av musikarar. Seint i 1965 nytta for første gong The Beatles psykedeliske tonar på Rubber Soul med songane «The Word» og «Norwegian Wood». Det britiske bandet The Yardbirds spelte inn singelen «Happenings Ten Years Time Ago» i 1966, ein annan song som ofte vert omtalt som den første psykedeliske songen.

Midten av 60-talet[endre | endre wikiteksten]

USA[endre | endre wikiteksten]

Folkbandet Mother McCree's Uptown Jug Champions frå San Francisco var påverka av The Byrds og the Beatles og gjekk elektrisk i 1965. Dei gav seg sjølv det nye namnet the Warlocks, og slo seg i november 1965 i saman med Ken Kesey sitt LSD-baserte Merry Pranksters og endra igjen namn til Grateful Dead. Merry Pranksters heldt eit fast show kalla Acid Tests der Greatful Dead spelte musikken sin med lysshow. Stilen deira vart kalla acid rock, som dei spelte på den første Trips Festival i januar 1966 i lag med Big Brother and the Holding Company. Over 10 000 møtte opp på festivalen og for dei fleste var det deira første møte med både acid-rock og LSD. Eit anna band på festivalen var The Ethix, som tidlegare hadde spelt R&B, men som no eksperimenterte med elektroniske lydeffektar. Dei vart seinare bandet Fifty Foot Hose.

Gjennom 1966 blømde musikkmiljøet i San Fransisco og fleire klubbar byrja å halde konsertar kvar kveld. Av band som oppstod i dette miljøet finn ein the Charlatans, Moby Grape, Big Brother and the Holding Company, Fifty Foot Hose, Quicksilver Messenger Service, Country Joe and the Fish, The Great Society og folkrockgruppa Jefferson Airplane, som gav ut debutalbumet sitt i august 1966. Jefferson Airplane Takes Off var det første albumet som kom frå San Francisco i denn eperioden og selde godt nok til at plateindustrien la merke til miljøet.

Jefferson Airplane vart langt meir kjende året etter med to tidlege psykedeliske hit-singlane «White Rabbit» og «Somebody to Love». Begge desse songane hadde opphavet sitt frå bandet The Great Society, som songaren Grace Slick forlet då ho vart med i Jefferson Airplane.

Sjølv om San Francisco ofte får æra for å ha starta det psykedeliske musikkmiljøet i USA, var det fleire andre amerikanske byar som medverka stort til sjangeren. I Los Angeles finn ein fleire viktige psykedeliske band som the Byrds, Iron Butterfly, Love, Spirit, the United States of America og the Doors. I New York City dukka psykedeliske band som Blues Magoos, the Blues Project, Bermuda Triangle Band, Electric Prunes, Lothar and the Hand People og the Third Bardo opp. I Detroit-området medverka band som Amboy Dukes, Funkadelic og the SRC, medan ein i Texas (og særleg Austin) hadde band som 13th Floor Elevators, Bubble Puppy, Shiva's Headband, Golden Dawn, Zakary Thaks, Red Krayola. Frå Chicago kom H. P. Lovecraft.

The Byrds vart psyekdeliske i mars 1966 med «Eight Miles High», ein song med rare vokalharmoniar og ein lang gitarsolo av Roger McGuinn som var inspirert av raga og John Coltrane.

I 1965 kom medlemmene frå Rick and The Ravens og The Psychedelic Rangers i lag med Jim Morrison og danna The Doors. I januar 1967 gav dei ut den første singelen sin «Light My Fire». Med ei lengd på over 7 minutt vart han ein av dei første rockesinglane som braut den normale 3-minuttarsbarriera, sjølv om versjonen som vart spelt på radio som regel var mykje kortare.

The Beach Boys var i starten eit streit popband og det virka usannsynleg at dei skulle dra i retning av psykedelisk musikk. Dei voks derimot meir psykedeliske og eksperimentelle, kanskje på grunn av låtskrivar, produsent og arrangør Brian Wilson sin auka bruk av dop og byrjinga på dei mentale lidingane hans. I 1966 svarte dei på dei nye musikalske vendingane til the Beatles med albumet Pet Sounds og hadde seinare same året ein stor hit med den psykedeliske singelen «Good Vibrations».

Den psykedeliske bølgja påverka òg meir mainstream R&B-musikk og plateselskap som Motown sysla ei stund med psykedelisk soul, og produserte hittar som «Ball of Confusion (That's What the World Is Today)» og «Psychedelic Shack» av The Temptations, «Reflections» av Diana Ross & the Supremes og den 11 minuttar lange «Time Has Come Today» av The Chambers Brothers. Sly and the Family Stone, eit etnisk blanda band med røter både i soul og R&B, lagde musikk som var påverka av psykedelisk rock. Dette er særleg tydeleg på det andre albumet deira, Dance to the Music, som dei braut gjennom med.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Psykedelisk rock i Storbritannia hadde som i USA røter folkrock-sjangeren, men fekk i tillegg ei stor rolle på media, kringkasting av musikk og på musikkindustrien. Før BBC Radio 1 vart lanser 30. september 1967 hadde BBC radio bestått av ein enkelt radiostasjon (bortsett frå Radio Scotland) og hadde berre to popshow, Saturday Club og Easy Beat.[2] Desse programma var særs konservative og ignorerte totalt «progressive» grupper frå både USA (Jefferson Airplane, Country Joe and the Fish, the Doors, the Byrds osv) og England som Hawkwind, The Move, The Yardbirds og The Animals. Radio Luxembourg var noko meir progressiv, men ignorerte òg stort sett den «nye» musikkstilen.

Desse gruppene kunne berre nå ut til folk med å halde konsertar på eit par utvalde småklubbar i London og dei andre storbyane. Pirate Radio og særleg DJ John Peel endra alt dette. Brått kunne desse gruppene nå store publikum og på det meste hadde desse piratsendingane fleire lyttarar enn BBC. Samstundes med dette dukka alternative magasin som IT (International Times) og OZ magazine opp med omtale av psykedelisk og progressiv musikk, samt livsstilen til motkulturen. I løpet av kort tid hadde rockeklubbar som UFO club i Tottenham Court Road, Middle Earth club i Covent Garden, Roundhouse i Chalk Farm, the Country Club (Swiss Cottage) og the Art Lab fulle hus med psykedelisk rock og banebrytande lysshow.

Psykedelisk rock-tilhengjarane skilde seg òg ut utsjåandemessig med langt hår og ville skjorder frå butikkar som Mr Fish, Granny Takes a Trip og gamle militæruniformar frå Carnaby Street (Soho) og Kings Road (Chelsea)[3]

I august 1966 gav The Beatles ut Revolver med psykedeliske songar som «Tomorrow Never Knows» og «Yellow Submarine». The Yardbirds gav ut Roger the Engineer same året. På albumet eksperimenterer Jeff Beck med fuzz og feedback og sette ein standard for framtidige psykedeliske band. Jimmy Page utvikla ein teknikk der han nytta ein fiolin- eller celloboge over gitarstrengane for å skape ein surrealistisk effekt. Då Daevid Allen høyrde dette på «Still I'm Sad» bestemde han seg for å starte det første bandet sitt.[4]

Donovan gjekk elektrisk og hadde ein hit med «Sunshine Superman» i 1966, ein av dei førte psykedeliske singlane som vart gjeve ut. Pink Floyd hadde utvikla eksperimentell rock med lysshow sidan 1965 i undergrunnsmiljøet og i 1966 starta Soft Machine. Frå bluesrock-rørsla kom den britiske supergruppa Cream i desember same året. The Jimi Hendrix Experience med Noel Redding og Mitch Mitchell gjorde Jimi Hendrix vidkjend i Storbritannia og seinare i resten av verda.

Pink Floyd sin singel «Arnold Layne» i mars 1967 antyda berre korleis dei høyrdest ut på konsertar og litt seinare på året kom the Beatles med det banebrytande albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, som vart spelt inn nesten samstundes med debutalbumet til Pink Floyd, The Piper at the Gates of Dawn. Cream gav ut psykedelisk musikk same året med Disraeli Gears. I folkemusikkmiljøet hadde blues, dop, jazz og austleg musikk gjort sitt inntog alt i 1964 med musikken til Davy Graham og Bert Jansch og i 1967 gav Incredible String Band ut The 5000 Spirits or the Layers of the Onion. Andre artistar som kasta seg på den psykedeliske bølgja var mellom anna Eric Burdon (tidlegare i The Animals) og The Small Faces. The Who gav ut Sell Out hadde to psykedeliske songar med «I Can See for Miles» og «Armenia City in the Sky"», men albumkonseptet passa ikkje inn på denne tida og det var det seinare albumet deira Tommy som fastsette dei til denne sjangeren.

The Rolling Stones hadde referansar til dop og psykedelia på singlane deira «19th Nervous Breakdown» og «Paint It, Black» i 1966, og gav så ut det heilt psykedeliske Their Satanic Majesties Request.

I 1968 kom fleire nyskapande plater frå Storbritannia, som varierte frå glimrande til latterleg. Tomorrow gav ut eit av dei mest eksentriske albuma dette året. The Small Faces gav ut eit av dei første konseptalbuma i rocken, Ogden's Nut Gone Flake med ei soge om Happiness Stan som leiar etter den andre halvdelen av månen. «Itchycoo Park» var den første songen som nytt flanging-effekt. Odessey and Oracle av The Zombies, som vart spelt inn i Abbey Road like etter Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band og The Piper at the Gates of Dawn, var det første albumet som nytta Mellotron i større grad, eit instrument dei tok i bruk fordi dei ikkje hadde råd til studiomusikarar. Samstundes gav The Moody Blues ut In Search of the Lost Chord. Etter kvart som psykedelia vart meir vanleg og populært reiste mange av dei opphavlege banda rundt på turnear og medverka til at det vart starta mange nye grupper rundt om i verda.

Australasia[endre | endre wikiteksten]

Australia og New Zealand hadde òg eit aktivt psykedelisk miljø. Den største suksessen innan denne sjangeren frå Australia var The Easybeats, som fekk ein internasjonal hit med «Friday On My Mind» i 1966. Men mange av banda fekk berre lokal suksess, mykje på grunn av at platene vart trykt i så lite opplag at dei aldri nådde utlandet i stort nok tal.

Andre land[endre | endre wikiteksten]

Den psykedeliske musikken spreidde seg raskt over heile verda. Eit av dei første banda var Group 1850 frå Nederland som oppstod i 1964 og gav ut det første albumet sitt i 1968. Det brasilianske psykedeliske rockebandet Os Mutantes oppstod i 1966, men vart lite kjende utanfor Brasil på denne tida. Innspelingane deira har seinare fått mange tilhengjarar internasjonalt.

I Mexico vart det eit blømande psykedelisk miljø i dei nordlege grensestatane, som Love Army. Frå 1967 til 1973 dukka det opp fleire chilenske band som spelte ei blanding av folkemusikk og psykedelisk musikk. Los Mac sitt album Kaleidoscope men frå 1967 inspirerte mange band som Los Jaivas og Los Blops. Sistnemnde samarbeida seinare med den chilenske visesongaren Victor Jara på albumet El derecho de vivir en paz frå 1971. I Argentina oppstod tre av dei viktigaste banda i argentinsk rock, Los Gatos, Manal og Almendra.

Slutten av 60-åra[endre | endre wikiteksten]

Mange av gruppene som var pionerar innan psykedelisk rock utforska andre musikksjangrar mot slutten av 60-åra. Eit meir fiendtleg politisk miljø og bruk av hardare stoff som amfetamin, heroin og kokain i undergrunnsmiljøet førte til hardare musikk. Samstundes gav Bob Dylan ut John Wesley Harding og the Band sitt Music from Big Pink, som begge hadde røter i roots-rock. Mange band i England og Amerika følgde etter. Til dømes har Eric Clapton fortalt at Music from Big Pink var ein medverkande faktor til at han gav seg i Cream.[5] The Grateful Dead gjekk òg tilbake til ein meir grunnleggande stil og hadde stor suksess med Workingman's Dead og American Beauty i 1970.

Miles Davis gav ut In A Silent Way og Bitches Brew i 1969. Desse to platene gjorde at det psykedeliske rockemiljøet vart merksam på jazzrock-stilen, og gjorden jazzen elektrisk på same måte som Dylan hadde gjort med folkemusikken nokre år tidlegare.

Woodstock Music and Art Fair (Woodstock-festivalen) fann stad i august 1969 og vart ein av dei mest kjende hendingane i rockehistoria. Året etter vart den andre Isle of Wight Festival halde i Storbritannia.

Den positive atmosfæren varte derimot ikkje så lenge. Nyhendene drapa på Sharon Tate og Leno og Rosemary LaBianca av Charles Manson og «familien» hans der han hevda å ha vore inspirert av Beatlessongar som «Helter Skelter», gjorde miljøet dystrare. Mot slutten av året vart det halde ein gratiskonsert ved Altamont Speedway i California. Konserten med The Rolling Stones som største trekkplaster enda med at eit medlem av Hells Angels, som var tryggleiksvakter under konserten, knivdrap den svarte ungdomen Meredith Hunter føre scenen. Flower Power enda offisielt med Altamont. Kort tid etter annonserte The Beatles at dei hadde lagt ned bandet.

Flower Power-perioden hadde inspirert mange nye band til å eksperimenter med stilar og musikk som gjekk langt utanfor det som var vanleg på denne tida. Mange nye musikksjangrar byrja å oppstå ut frå restane av dei psykedeliske miljøa.

Det tyske bandet Can starta utviklinga av krautrock med albumet Monster Movie. I lag med europeiske eksperimentelle band som Amon Düül II, Ash Ra Tempel, Guru Guru, Harmonia, Neu! og Xhol Caravan nytta dei avantgarde-teknikkar, improvisasjon og eksperimentelle rytmar i musikken sin. Neu! sin 'Motorik'-rytme var ein viktig birdrasytar til trommemaskin-rytmane på 80-talet.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Mange band som i 60-åra hadde oppstått som psykedeliske band utvikla seg vidare til progressive rockeband på 70-talet. Det progressive bandet Yes sprang ut frå tre britiske psykedeliske band, Syn Tomorrow og Mabel Greer's Toy Shop. Andre band var til dømes Curved Air, King Crimson, Manfred Mann's Earth Band, Pink Floyd, Procol Harum, Quiet Sun, Supersister og The Enid. Psykedelisk rock påverka òg tidlege heavy metal-band som Black Sabbath.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Neo-psykedelia.

På midten av 1980-talet dukka det opp eit miljø i Los Angeles kalla Paisley Underground som utvikla ein psykedelisk, folkeaktig popstil. The Bangles var eit av dei mest suksessfulle banda som kom ut frå dette miljøet. Andre band var Green on Red, The Three O'Clock, The Dream Syndicate, Plasticland, The Secret Syde, The Inn og Lord John.

I Storbritannia utvikla ei anna rørsle innan new wave seg med band som The Soft Boys og vokalisten Robyn Hitchcock og The Teardrop Explodes med Julian Cope. Hitchcock var kraftig påverka av Syd Barrett og John Lennon. På midten av 1980-talet starta The Shamen med psykedelisk musikk påverka av Barrett og Love, før dei gav seg ut på rave-musikk. Andre britiske band som hadde element av psykedelia var Nick Nicely, XTC og Martin Newell med The Cleaners from Venus, The Barracudas, Mood Six, The Prisoners, Echo and the Bunnymen, Doctor and the Medics, the Cardiacs og The Brotherhood of Lizards.

Frå midten av 80-talet og tidleg på 90-talet spelte The Flaming Lips og seinare Mercury Rev psykedelisk gitarrock. Phish er eit jam band som spelte psykedelisk rock påverka av jazz.

Andre band som har hatt element av psykedelisk rock i 1990-åra er Primal Scream, My Bloody Valentine, Kula Shaker, Ozric Tentacles, Sun Dial, The Bevis Frond og The Magic Mushroom Band.

Noko elektronisk musikk som ambient eller trance med band som Aphex Twin eller Orbital, har vist spor av psykedelia i musikken sin.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Head Sounds
  2. Pirate Radio. http://www.ministryofrock.co.uk/PirateRadio.html
  3. The Look. Adventures in Pop & Rock Fashion. Paul Gorman. ISBN 1-86074-302-1
  4. Allen , Daevid (1994) Gong Dreaming: soft machine 66-69, s. 51 – GAS Books. ISBN 1-8994-7500-1.
  5. Pete Frame (1980) Rock Family Trees, s. 5 – Omnibus Press. ISBN 0-86001-414-2.