Futsal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Futsalkamp mellom Argentina og Brasil i 2007

Futsal, òg kalla microfutbol, er ein variant av lagidretten fotball. Spelet går føre seg på ei bane med hard overflate, vanlegvis innandørs. Bana er på storleik med ei handballbane, altså mykje mindre enn ei vanleg fotballbane, og måla er vanlege handballmål. Ballen svarar til ein vanleg 4-ball, men er laga spesielt for denne sporten for mellom anna å sprette mindre enn ein vanleg fotball. Kvart av dei to laga har fem spelarar, inklusive målvakta. Spelereglane skil seg òg frå dei som gjeld i vanleg fotball.

Nemninga futsal er danna av spansk fútbol de salón, og vert nytta internasjonalt. Spelet oppstod i Uruguay som eit turneringsspel, og vart utvikla vidare i Brasil, særleg i São Paulo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]