Fuyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå midtbyen i Fuyang
Fuyang si plassering i Anhui

Fuyang (kinesisk: 阜阳市; pinyin: Fǔyáng) er eit byprefektur nordvest i provinsen Anhui i Kina, på grensa mot provinsen Henan i vest. Prefekturet har eit areal på 9 979 km² og ca. 8,97 mill. innbyggjarar (2002). Byprefekturet Fuyang består av tre distrikt, eitt byfylke og fire fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 105 går gjennom byprefekturet. Vegen byrjar i Beijing, går sørover og endar ved kysten i Zhuhai i provinsen Guangdong. Han går gjennom større byar som Tianjin, Dezhou, Jining, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou.