Fylkesveg 28

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fylkesveg 28
28
Strekning
Os – Sømådal i Engerdal
Fylkesveg 28
Riksveier Hedmark.svg
Informasjon
Lengd 62,1 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
3026
Sjå òg Fylkesveg 28 (fleirtyding)

Fylkesveg 28 (Fv28, Kopperveien) er ein veg i Hedmark som går mellom Sømådal i Engerdal og Os. Vegen har ei lengd på 62,1 km.

Vegen startar frå Rv26 i Sømådal, og går derfrå i nordvestleg retning over det korte eidet til Buvika ved vestsida av Femunden. Han held fram vidare i same retning til Tufsingdalen i Os kommune, der han snur mot nord og følgjer dalføret til elva Tufsinga opp til bygda Tufsingdal. Her snur vegen mot nordvest og passerer forbi innsjøen Siksjøen øvst i dalen. Vest for Siksjøen ligg Kvilvangen og det høgaste punktet på vegen (760 moh), på vasskiljet mellom elvane Tufsinga (som renn mot Femunden og Trysilelva) og Nøra (som ligg i nedslagsfeltet til Glomma). Kvilvangen var i tidlegare tider ein kvilestad for både folk og dyr under reiser med hest og okse til og frå Røros. Vest for Kvilvangen passerer vegen Narsjøen og bygda Narbuvoll. Etter Narbuvoll går vegen nordvestover gjennom Nøradalen, forbi bygda Narjordet midtvegs i dalføret, til han møter Rv30 ved Os.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltningsreformen tredde i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Hedmark våpen.svg Hedmark [endre | endre wikiteksten]

Os
  • 30 Myra, like aust for Os sentrum
Engerdal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]