Hopp til innhald

Fylkesveg 30

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Riksveg 30)
Fylkesveg 30
30
Strekning
StørenKoppang
Fylkesveg 30
Informasjon
Lengd 258,4 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 30 Fylkesveg 30
Sjå òg Fylkesveg 30 (fleirtyding)

Fylkesveg 30 (Fv30) går mellom Koppang i Stor-Elvdal og Støren i Midtre Gauldal. Vegen har ei lengd på 258,4 km, av dette 146,4 km i Hedmark og 112 km i Sør-Trøndelag.

Han tar av frå riksveg 3 ved Koppang og går austover til Storsjøen. Vidare nordover langs Storsjøen, gjennom Rendalen og Tylldalen til Tynset. Deretter mot nordaust langs Glåma forbi Tolga og Os til Røros, deretter nord-vest langs Gauldalen til Støren.

Strekninga mellom Tynset og Koppang har tidlegare òg vore skilta som riksveg 3 og som riksveg 28. 1. desember 2008 meldte Sør-Trøndelag fylkeskommune at 3 km ny vegstrekning ved Osøy bru var teken i bruk.[1]

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltningsreformen tredde i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Midtre Gauldal
Holtålen
Ålen kyrkje mellom Mo bru og Lund
Røros
Os
Tolga
Tynset
Rendalen
  • Fv665 frå Elvål til Fv681 Lillebekkmo i Tynset (48,2 km)
  • Fv667 Myrberget
  • Fv664 frå Øvre Rendal kyrkje til Fylkesveg 30 Hanestad (17,0 km) og Hanestad stasjon (17,5 km)
  • Fv667 frå Bygdebrua til Myrberget (4,1 km)
  • Fv663 frå Hornset til Fv661 Nymoen (1,0 km)
  • Fv661 frå Kvernnesodden til Fv663 Nymoen (8,5 km)
Sundfloen bru
Foto: Cato Edvardsen
Stor-Elvdal

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]