Fylkesveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I Noreg er ein fylkesveg er ein bilveg i fylkeskommunal eige som vert vedlikehalden av Statens vegvesen.

Fylkesvegane vert nummererte innan kvart fylke. Det medfører at fleire fylkesvegar kan ha same nummer - ein for kvart fylke. Oslo og Moskenes kommunar har ingen fylkesvegar. I Trondheim var fylkesvegane som eit forsøk nedklassifisert til kommunale vegar og vart drivne av Trondheim Bydrift frå 2004 til 2007. Frå 1. januar 2008 har desse vegane igjen status som fylkesvegar.[1][2]

Det var i 2010 i alt 27 281 km fylkesvegar i Noreg. Dette utgjorde 29,2 % av dei 93 347 km offentlege vegane i Noreg. Første januar i 2011 vart 17 000 km riksvegar overført frå staten til fylka. Etter denne reforma var fylkesvegane til saman 44 281 km. Nordland er fylket med lengst fylkesvegstrekning, totalt 4 111 km. Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag har meir enn 3000 km fylkesvegar. .[3]

Ordninga med riks-, fylkes- og bygdevegar (seinare kommunale vegar) vart innførd i 1931. Frå 1912 hadde vegane vore inndelde i hovudvegar og bygdevegar.

Delen fylkesvegar med fast dekkje[4][endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NUUG kart: Fylkesveger i Trondheim (1. februar 2008)
  2. Trondheim kommune: Saksframlegg Fylkesvegplan 2008-2011 med budsjett 2008 (23. april 2007)
  3. Statistisk sentralbyrå: Tabell 415: Offentlige veier etter fylke 1. januar 2010
    Merk: I tala er medrekna gatenettet i byane. For kommunale vegar er ikkje tala oppdaterte for alle kommunane.
  4. Dagbladet (papirutgåva): «Mangler vedlikehold for 40 mrd. kr». (Publisert 21. august 2007). Kjelder for artikkelen: NAF, Statistisk sentralbyrå, Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Fylkesvei» henta frå Wikipedia på bokmål 6. september 2008.