Fylkesveg 306 i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg fylkesveg 306 (fleirtyding).
Frå Burøysund.

Fylkesveg 306 i Troms går mellom Vannareid og Burøysund på øya Vanna i Karlsøy kommune. Vegen er 6,0 km lang.

Vegen tar av frå Fv305 ved garden Vollstad i bygda Vannareid attmed Hamrefjorden. Han går derfrå i aust-nordaustleg retning over det låge Vannareidet, som nesten deler øya Vanna i to. Vegen fylgjer fjellfoten på sørsida av eidet til vestsida av Storvatnet (24 moh.), der han krossar over til nordsida av det myrlendte landskapet som pregar Vannareidet. Vegen held fram austover til vegenden i bygda Burøysund, som er kalla opp etter sundet mellom Vanna og Burøya. Frå Burøysund går korte vegstubbar både nordover langs Burøysundet og sørover til garden Brattfjell.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Karlsøy komm.svg Karlsøy

  • Fv305 Vannareid
  • Endepunkt Burøysund

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]