Vest-Agder fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vest-Agder fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Kristiansand
Areal 7 276 km²
 - land 6 706 km²
 - vatn 570 km²
Folketal 187 589 (31. desember 2018)[1]
Målform nøytral
Statsforvaltar Ann-Kristin Olsen
Fylkesordførar Terje Damman (H)
Fylkesnummer 10
Kart
Vest-Agder fylke
58°34′59″ N 7°34′59″ E
Wikimedia Commons: Vest-Agder
Nettstad: www.vaf.no

Vest-Agder er eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket var det sørlegaste i landet og grensa til Rogaland i vest, Aust-Agder i nord og aust og til Skagerrak i sør. Det omfatta kyststrekninga frå Kvåsefjorden aust for Kristiansand til Åna-Sira, den nedre delen av dalføret til Otra og dei nord–sørgåande dalane Mandalen, Audnedalen, Lyngdalen, Kvinesdalen og Sirdalen med omliggjande skogs-, hei- og fjellområde. I Vest-Agder låg Noregs sørlegaste punkt, øya Pysen, søraust for Mandal. Lindesnes er det sørlegaste punktet på fastlandet.

Vest-Agder blei oppretta som fylke i 1685 då Agdesiden amt blei delt i Nedenes amt (seinare Aust-Agder fylke) og Lister og Mandals amt (nåverande Vest-Agder fylke). Fylket fekk sitt nåverande namn i 1919. Administrasjonen i fylkeskommunen hadde hovudsete i Kristiansand. I 2020 blei Vest-Agder del av nye Agder fylke.

Fylkesvåpenet til Vest-Agder er på grøn botn ei gull eik. Motivet er vald sidan eika var eit viktig råmateriale for eksport i Vest-Agder i tidlegare tider. Våpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon 12. desember 1958 og er teikna av Hallvard Trætteberg. Fylkesblomen til Vest-Agder er sommareik og fylkessteinen er farsunditt.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Sørlandsbanen går aust–vest gjennom fylket eit stykke innanfor kysten. Dei mange nord–sørgåande dalane har gjort det naudsynt med ei rekke lange tunnelar på Sørlandsbanen mellom Kristiansand og grensa mot Rogaland, mellom anna landets 4. og 5. lengste jernbanetunnelar, Kvinesheitunnelen (9065 m) og Hægebostadtunnelen (8474 m). E 18/E 39 (E 18 aust for Kristiansand) går gjennom fylket like innanfor kysten. Vegen passerer alle dei viktigaste tettstadene unnateke Farsund og Vennesla. I nord går Fylkesveg 42 (Arendal–Egersund) gjennom fylket, på tvers av dei nord-sørgåande dalføra. I fleire av desse dalane går riksvegar som bind dei indre strøka saman med kystområda, mellom anna Setesdalsvegen (Riksveg 9, Kristiansand–Haukeligrend) nordover frå Kristiansand og Fylkesveg 43 nordover frå Farsund og Lyngdal. Vest-Agder hadde i 2005 3911 km offentlege vegar, 4,2 % av landets vegnett. Kristiansand har ferjesamband til Danmark. Kjevik flyplass ved Kristiansand har i tillegg til ei rekke innanlandske samband også internasjonal trafikk. Flyplassen på Lista har berre charter- og godstrafikk.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fylket ligg delvis på kvar si side av det store vasskiljet i Sør-Noreg, og har område som er utsett for vestavinden, men òg område som er verna mot aust. Den rådande vinden er austleg om vinteren, og vest til nordvest om sommaren. Kyststrekninga ved Lindesnes og Lista har forholdsvis ofte kuling, sjølv om sommaren.

Februar er den kaldaste månaden av året og ved kysten har ein då ein middeltemperatur på litt over 0 °C, medan det er vanleg med –3 til –5 °C i innlandet. Juli og august har middeltemperaturar på 15–16 °C i lågareliggande strøk heile fylket.

Ytre strøk av Vest-Agder har ein årsnedbør på kring 1000 mm, men lengst aust kjem det mindre enn dette. Mest nedbør kjem det eit stykke frå kysten i ei sone som får 1500–2000 mm. Dei indre dalstrøka får igjen mindre nedbør enn dette. Somme vintrar kan det falle store snømengder i austlege område i austavinden, medan det blir lite snø vest for Lindesnes.

Vennesla har noregsrekorden for snøfall på 24 timar. Den 4. februar 1960 fall det heile 131,8 mm snø, og snødjupna auka frå 15 til 52 cm. Same døgn fekk Mestad i Oddernes 128,7 mm nedbør og her auka snødjupna med 77 cm, frå 19 til 96 cm. Indre og høgare strøk kan få mykje snø i byevêr frå vest til nordvest.

Heiene har ein del tåke, særleg på hausten, medan kysten har mest tåke om våren.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
1001 Kristiansand kommune Kristiansand Kristiansand 000000000000276.0000000000276 bokmål Kristiansandregionen
1002 Mandal kommune Mandal Mandal 000000000000222.0000000000222 bokmål Lindesnesregionen
1003 Farsund kommune Farsund Farsund 000000000000262.0000000000262 bokmål Listeregionen
1004 Flekkefjord kommune Flekkefjord Flekkefjord 000000000000543.0000000000543 bokmål Listeregionen
1014 Vennesla kommune Vennesla Vennesla 000000000000384.0000000000384 nøytral Kristiansandregionen
1017 Songdalen kommune Songdalen Nodeland 000000000000216.0000000000216 nøytral Kristiansandregionen
1018 Søgne kommune Søgne Tangvall 000000000000151.0000000000151 bokmål Kristiansandregionen
1021 Marnardal kommune Marnardal Heddeland 000000000000395.0000000000395 nøytral Lindesnesregionen
1026 Åseral kommune Åseral Kyrkjebygd 000000000000888.0000000000888 nynorsk Lindesnesregionen
1027 Audnedal kommune Audnedal Konsmo 000000000000251.0000000000251 nøytral Lindesnesregionen
1029 Lindesnes kommune Lindesnes Vigeland 000000000000317.0000000000317 Bokmål Lindesnesregionen
1032 Lyngdal kommune Lyngdal Aleen 000000000000391.0000000000391 bokmål Listeregionen
1034 Hægebostad kommune Hægebostad Tingvatn 000000000000462.0000000000462 nøytral Listeregionen
1037 Kvinesdal kommune Kvinesdal Liknes 000000000000963.0000000000963 nøytral Listeregionen
1046 Sirdal kommune Sirdal Tonstad 000000000001555.00000000001 555 nøytral Listeregionen
Totalt Vest-Agder Vest-Agder Kristiansand ' 000000000007276.00000000007 276 nøytral Vest-Agder

Kjende personar frå Vest-Agder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]