Fylkesveg 650

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Fylkesveg 650 (fleirtyding)
Fylkesveg 650
650
Strekning
Sjøholt i Ørskog – Linge i Norddal
Fylkesveg 650
Informasjon
Lengd 40,2 km
Status
Fylke
fylkesveg
Møre og Romsdal
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Stamvei E39.svg  Stamvei E136.svg  63
60 via ferje
Vegen passerer «Kokarsteinen» mellom Stordal og Ørskog, utsikt utover Storfjorden.

Fylkesveg 650 (Fv650) går mellom Sjøholt i Ørskog kommune og ferjestaden Linge i Norddal kommune. Vegen går langs nordsida av Storfjorden og har ei lengd på 40,2 km. Strekninga mellom Sjøholt og Linge er utan ferje, men tilknyting til 60 over Storfjorden med ferje frå Liabygda ferjekai på Gravaneset.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vegstrekning i bruk til 1985 då Visettunnelen vart opna

Store delar av strekninga var tidlegare ferjestrekke. Før vegen til Dyrkorn var ferdig i 1939 var det korrespondanse mellom fjordabåten og rutebil ved Vaksvik, innanfor Vaksvik gjekk all trafikk med fjordabåt.[1] Fram til vegen mellom Dyrkorn og Stordal var ferdig gjekk ferjene frå Dyrkorn og innover heile Storfjorden. Tunnelar mellom Linge og Overå (Liabygda) vart opna i 1975, og «Gravanesvegen» med ny ferjekai vart opna 1. juli 1979. Etter dette var det ikkje trong om ferje på langs av Storfjorden. Ved opninga av Tafjordvegen i 1982 vart det samanhengande køyreveg på nordsida av Storfjorden frå Ålesund til Tafjord. I 1962 gjekk det ferjer på tvers og på langs av fjorden slik: Stordal-Stranda-Overåneset-Eidsdal-Valldal (Sylte)-Norddal (Dalsbygda)-Fjørå-Tafjord. I 1982 var det berre to korte fjordkryssingar igjen: Stranda-Liabygda og Linge-Eidsdal.[1]

Vegen mellom Dyrkorn og Stordal var ferdig 21. juli 1956 etter at byggearbeidet tok til omkring 1946-47.[2][3] Strekninga mellom Dyrkorn og Stordal vart etter ei tid utbetra med ein kort tunnel, som i 1998 vart erstatta av nok ein tunnel, nye Stordalstunnelen. Saman med Dyrkorntunnelen (opna 2003) er dette lekk i rassikring av fylkesveg 650.[4] I 1985 opna nye Visettunnelen som erstatta køyreveg og gamle Visethammaren tunnel (340 m) bygd 1930-1938.[3] Det første vegen Vaksvik-Dyrkorn vart stort sett bygd for hand i det svært bratte og vanskelege terrenget, fleire stader vart vegen bygd på 6-10 meter høge murar.[5] Ved drivinga av Visethammaren tunnel tok ein i bruk borremaskin for første gong i fylket.[3] Frå 1941 vart vegen Sjøholt-Dyrkorn klassifisert som riksveg.[1]

Ørnevegen mellom Eidsdal og Geiranger opna i 1956 og vart heilårsveg frå 1960. Etter dette vart vegsambandet Overåneset-Sjøholt særs viktig for Geiranger og bygdene i Norddal kommune.[1]


Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Vaksvik i Ørskog kommune.
Foto: Halvard Hatlen
Vaksvik og Storfjorden.
Foto: Halvard Hatlen

Møre og Romsdal våpen.svg Møre og Romsdal [endre | endre wikiteksten]

Ørskog
Stordal
Stordalstunnelen byrjar i Dyrkorn
Storfjorden ved Stranda. Her er fjellet bratt ned i fjorden og vegen er lagt lengre inn i landet over Lid (grend i Liabygda), Stavseng og Stordal.
Foto: Halvard Hatlen
Stranda
Norddal

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Torvik, Arne Inge: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Molde: MRF, 2000.
  2. Ytterdal, Per (1970): Norddal Sparebank 1871-1971.
  3. 3,0 3,1 3,2 Skarbø, Bjørn Steinar (2012): Vegen mellom Vaksvik og Dyrkorn. Årsskrift 2012, Ørskog historielag, hefte nr 22.
  4. NTB: Bondevik åpnet rassikker vei. 27.06.2003.
  5. Statens Vegvesen: Vegminner i Møre og Romsdal fylke. Molde 2001.