Liabygda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liabygda
bygd
Liabygda kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Stranda
Wikimedia Commons: Liabygda

Liabygda er ei bygd med 260 innbyggjarar i Stranda kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Liabygda ligg på nordsida av Storfjorden med vegsamband etter Riksveg 650 til Stordal kommune i vest og til Valldal i Norddal kommune i aust. Liabygda har samband til kommunesenteret Stranda via ferje frå Gravaneset. Liabygda består av grendene Li, Overå, Ringset og Stavseng.

Her ligg også fleire nedlagde fjellgardar, mellom anna Ansok. Her kom Sakarias Ansok frå. Han skreiv ei rekkje med artiklar og seinare tre bøker (Eld som slokna, Far etter folk og Menneske vi møtte) om livet ved fjellgardane langs Storfjorden.