Gå framover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå framover

LandThailand
Partileiar(ar)Pita Limjaroenrat
Grunnlagt1. mai 2014
HovudkvarterBangkok
Medlemstal51 526[1]
IdeologiProgressivisme, antimilitarisme
Politisk posisjonsentrum-venstre
FargeOransje

Gå framover (thai พรรคก้าวไกล, Phak Kao Klai) er eit sosialdemokratisk og progressivt politisk parti i Thailand som overtok dei fleste medlemmene av partiet Framtid framover etter at det vart oppløyst i 2020. Partiet vann parlamentsvalet i 2023[2] med støtte frå over 14 millionar veljarar[3], men vart forhindra frå å sitje i regjering på grunn av den militærstøtta grunnlova, og partiet Pheu Thais ønske om å stille med sin eigen statsministerkandidat.

Partiet vart registrert 1. mai 2014 under namnet Ruam Pattana Chart Thai (thai พรรคร่วมพัฒนาชาติไทย). Det bytte seinare namn til til Phung Luang (thai: พรรคผึ้งหลวง), men etter parlamentsvalet i 2019 bytte det tilbake til det opphavlege namnet. Partiet tok namnet Gå framover i 2020 etter å ha vorte etterfølgjaren til det oppløyste Framtid framover. Partiet valde Pita Limjaroenrat som leier den 14. mars 2020. Pita uttalte at partiet vil følgja ideologien til Framtid framover, og «representera dei fattige og vanskelegstilte, setje ein stoppar for diktaturstyret, og rette opp att demokratiet».[4]

Ifølgje nokre observatørar har partiet ein strategi der dei tek politiske aktivistar inn i formell politikk og gjer dei til parlamentsmedlemmer.[5]

Politisk program[endre | endre wikiteksten]

I 2023 hadde Gå framover ei plattform basert på «dei tre D-ane» — demilitarisering, demonopolisering og desentralisering. Ifølgje partileiar, statsministerkandidat i 2023, og forhindra valvinnar, Pita Limjaroenrat, meiner partiet at det er måten å demokratisera Thailand på. Partiet ønskjer å ta militæret ut av politikken så det ikkje blir statskupp gjennomsnittleg kvart sjuande år.[6]

Forhindra i 2023 og prosess med å forby partiet[endre | endre wikiteksten]

Partiet vann flest stemmer i parlamentsvalet i 2023[7] og hadde fleirtal i underhuset saman med dei andre demokratiske partia, men på grunn av den militærstøtta grunnlova vart dei hindra frå regjeringsmakta av støttespelarar for monarkiet og militæret i senatet under avstemmingane i parlamentet. Pheu Thai avviste deretter å ta med Gå framover i den nye regjeringa for å kunne gjere vegen lettare for Srettha Thavisin, Pheu Thais eigen statsministerkandidat.[8] Den 31. januar 2024 fann den thailandske grunnlovsdomstolen at partiet hadde brote grunnlova ved å lova å jobbe for å forandra lovgivinga om majestetsfornærming,[9] og åtte politikarar og aktivistar frå partiet vart dømt til fire månaders fengsel på vilkår. Blant desse var partileiar Pita Limjaroenrat, grunnlegg av Framtid framover, Thanathorn Juangroongruangkit, og kjernemedlem i den thailandske progressive rørsla, Pannika Wanich.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.moveforwardparty.org/stats/; arkiveringsdato: 22. januar 2022; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20220122093342/https://www.moveforwardparty.org/stats/.
  2. «Thailand election: How Move Forward's upset win unfolded» (på engelsk). Nikkei Asia. 17. mai 2023. Henta 11. februar 2024. 
  3. Napon Jatusripitak; Ken Mathis Lohatepanont (12. februar 2024). «Move Forward Stands at the Brink of Dissolution». Thai Enquirer. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Pita vows Kao Klai will follow Future Forward’s ideology» (på engelsk). Thai PBS World. 14. mars 2020. Henta 18. februar 2023. 
  5. «From protests to Parliament? Move Forward’s Chonthicha Jangrew hits election trail» (på engelsk). Thai PBS World. 12. februar 2022. Henta 18. februar 2023. 
  6. Michael Sullivan (15. mai 2023). «Thailand's voters overwhelmingly support opposition parties in elections» (på engelsk). NPR. Henta 11. februar 2024. 
  7. Pasit Kongkunakornkul (25. mai 2023). «2023 Thailand Election: Move Forward party wins» (på engelsk). Reuters. Henta 11. februar 2024. 
  8. Francesca Regalado (2. august 2023). «Pheu Thai splits from Move Forward to secure PM vote for Srettha» (på engelsk). Nikkei Asia. Henta 11. februar 2024. 
  9. «Thailand: Popular reformist party Move Forward could be dissolved after loss» (på engelsk). BBC. 31. januar 2024. Henta 31. januar 2024. 
  10. «Pita and others given suspended jail term over 2019 protest» (på engelsk). Prachatai English. 5. februar 2024. Henta 7. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]