Bangkok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Bangkok

Bangkok (thai กรุงเทพฯ, กรุงเทพมหานคร, Krung Thep eller Krung Thep Maha Nakhon) er hovudstaden og den største byen i Thailand. Byen ligg på austsida av elva Chao Phraya. Sjølve byen (Bangkok Metropolis) har 6 642 566 innbyggjarar (2005), medan det i byområdet (Bangkok Metropolitan Region (BMR)) bur 10 787 211 menneske. Bangkok er ein av dei raskast veksande byane i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bangkok vart gjort til hovudstad i 1782 etter at den tidlegare hovudstaden Ayuthaya vart rasert av styrkar frå Burma. Hovudstaden vart grunnlagd av Rama I, som var den fyrste kongen i Chakri-dynastiet. Bangkok ligg 40 km frå munningen av Chao Praya-elva. Moderniseringa av byen tok til for alvor frå 1950-talet. Då vart dei fleste kanalane som gjekk gjennom byen tetta igjen og bygg i vestleg stil vart oppført.

Frå ein klong, ein av dei mange kanalane i Bangkok.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det fulle formelle og seremonielle namnet på byen er:

กรุงเทพมหานคร อมรรัตนโกสินทร์ มหินทรายุธยามหาดิลก ภพนพรัตน์ ราชธานีบุรีรมย์ อุดมราชนิเวศน์ มหาสถาน อมรพิมาน อวตารสถิต สักกะทัตติยะ วิษณุกรรมประสิทธิ์
Krung Thep Mahanakhon Amon Rattanakosin Mahinthara Ayuthaya Mahadilok Phop Noppharat Ratchathani Burirom Udomratchaniwet Mahasathan Amon Piman Awatan Sathit Sakkathattiya Witsanukam Prasit, som tyder
«Byen åt englane, den store byen, den evige juvelen, den uovervinnelege byen til Indra, den store hovudstaden i verda med ni verdfulle juvelar, den lukkelege byen, byen med eit stort kongeleg palass som liknar himlane der dei attfødde gudane herskar, ein by gjeven av Indra og bygd av Vishnukarn

Dette er det lengste stadnamnet i verda.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Bangkok er ein av 76 provinsar i Thailand.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Wat Phra Kaew

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bangkok