Gågate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haraldsgata i Haugesund, den lengste gågata i Noreg

Gågate er ei gate i ein by som primært er innretta for gåande, og der biltraffikk er forbode i opningstida til butikkane, endå som regel med unntak av varelevering. Nokre kjende døme er Strøget i København og Strøget i Århus.

Den fyrste gågata i Danmark var Houmeden i Randers,[1] som fekk gågatestatus i 1963. Året før, 17. november 1962, var Strøget i København blitt gjort om til gågate på forsøksbasis, men denne statusen blei fyrst gjort permanent i 1964.

I Sverige blei den fyrste gågata, Kullagatan i Helsingborg, oppretta i 1961. I Noreg er Karl Johans gate i Oslo mest kjend, medan Haraldsgata i Haugesund er den lengste gågata i Noreg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. RANDERS CITY DK - ALTID ÅBEN! - Aktivitetskalender, arkivert frå originalen 2007-09-27, henta 21. november 2022 
  2. «Nå skal gatekampen avgjøres, besøkt 09.03.2014». Arkivert frå originalen 2014-04-04. Henta 9. mars 2014.