Haugesund kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haugesund kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Haugesund
Areal 73 km²
 - land 68 km²
 - vatn km²
Folketal 36 951 (1. januar 2016)
Folketettleik 543 / km²
Målform bokmål
Ordførar Arne-Christian Mohn
(Arbeidarpartiet)
Kommunenummer 1106
NO 1106 Haugesund.svg
Wikimedia Commons: Haugesund
Nettstad: www.haugesund.kommune.no

Haugesund er ein kommune i Rogaland. Han ligg i Haugalandet nord i fylket, nær grensa til Hordaland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Haraldsstøtta

Haugesund vart i liten grad påvirka av øydeleggingar i 2. verdskrig, og ein til dels særs vakker, eldre trehusbygnad er framleis intakt. Byens særprega rådhus vart skjenka byen av skipsreiar Knut Knutsen O.A.S., og innvia i 1931.

Byen fylte 150 år i 2004 og ligg i distriktet Haugalandet.

I Haugesund ligg òg Haraldsstøtta som er den staden ein trur at Harald Hårfagre er gravlagd.

Haugesund er ein ganske ny by. Byen fekk bystatus i 1854, og det har faktisk ikkje vore busetjing i dette området veldig mykje lengre. Det var silda og skipsfart som gjorde at folk slo seg ned akkurat her, og mange år med sild førte til at andre næringar og voks opp i området. Så då silda forsvann (for ei stund) på slutten av 1800-talet, hadde så mykje næringsverksemd og personar slått rot her, at ein var ikkje lengre berre avhengig av silda, det var med andre ord blitt ein ordentleg norsk by.

Gradvis overtok industri og handel for fiskeria. Byen hadde fleire skipsbyggeri og annan mekanisk industri. Byens største arbeidsplass er Aibel (tidl. Haugesund Mekaniske Verksted, Umoe, ABB) og Vetco Aibel, i ei årrekkje engasjert med skipsbygging, i dag engasjert med bygging og vedlikehald innan oljerelatert industri.

Det vert ikkje lenger bygd ikkje lengre skip i Haugesund, og byen utvikla seg frå 1980-talet meir og meir til å bli ein handelsby.

Byen[endre | endre wikiteksten]

Haugesund, indre kai med Risøybrua.

Haugesund er ein liten kommune, berre 72 km2. Sjølve byen (tettbygnaden) strekkjer seg frå kommunegrensa til Karmøy i sør og ca 10 km nordover.

Byen ligg ope til ved Nordsjøen, men ligg for det meste skjerma av øya Karmøy (i Karmøy kommune), samt øysamfunnet Røvær (i Haugesund kommune)i vest. Mellom Karmøy og Haugesund går skipsleia Karmsundet. Mellom Karmsundet og søre delar av Bømlo (Bømlo kommune) ligg det vêrharde havstykket Sletta.

Haugesund sentrum er prega av eit særeige rutenett av gater, som vi også finn i m.a. Kristiansand og Oslo. Haugesund sentrum er skild av Smedesundet. Over Smedesundet går bruer til øyene Risøy og Hasseløy, som har same rutenett av gater.

Haugesund har eit variert tilbod av utestader som kaféar, diskotek og restaurantar, som vert vitja av gjester både frå byen og nabokommunane.

Haugesund er ein by for store arrangement. Sidan 1973 har Haugesund vore vertskap for Filmfestivalen, vurdert som ein av de to viktigaste i Norden. Filmfestivalen vert halden ultimo august. Den mest populære festivalen er utan tvil Sildajazzen, som er ein folkefest. Sildajazzen vert halden medio august, og forutan tusental av haugesundarar, trekkjer festivalen til seg mange tilreisande, i sær frå Rogaland og Hordaland. Mange tilreisande kjem i fritidsbåtar, som legg til ved Indre kai, så dei opptek halve Smedesundet, slik som sildebåtane gjorde det då sildefisket var ein viktig næring for byen. Forutan desse festivalane, er byen vertskap for ulike musikkfestivalar og landsmøter.

Fleire nasjonale direktorat er vedtekne flytta frå Oslo, og sjøfartsbyen Haugesund har fått Sjøfartsdirektoratet.

Nord for sentrum finn vi riksmonumentet Haraldshaugen, reist i 1872, til minne om Harald Hårfagre sin samling av Noreg i 872. Namnet Harald finst og i Haraldsgata (byen si hovudgate) og Haraldshallen (idretts- og symjehall).

Haugesund er ein av Noregs fremste handelsbyar. I løpet av dei siste 20 åra har byen i stadig større grad stadfesta seg som handelssenter for Haugalandet og søre delar av Sunnhordland (m.a. Stord og Bømlo). Haugesund som handelsby er dimensjonert som ein by tilsvarande minst det dobbelte av byens innbyggartal. Byen har fleire store kjøpesentra og ellers eit uvanleg breitt varetilbod, i høve til storleiken til byen. Dette har gitt seg utslag i at fleire store kjeder har etablert seg i Haugesund tidlegare enn, eller på lik linje med store nabobyar som Stavanger (110 000 innb.) og Bergen (240 000 innb.) Først og fremst er det Raglamyr-området som er den store magneten.

Dette har og hatt ei negativ verknad på varehandelen i Sentrum. Til gjengjeld har Sentrum hatt ei oppblomstring av leilegheitskompleks.

Haugesundarar er sett på som opne og lette å komme i kontakt med. Dette, samt den friske havlufta og at den ligg ope til Nordsjøen, gjer Haugesund til ein by som ynskjer velkomen.

Haugesund sitt byvåpen viser tre stiliserte måkar. Måker finst det eit utal av i regionen, men måkene er kanskje like mykje eit symbol på at måken som ein opphavleg sjøfugl har erobra stadig større delar av landet, fordi den er særs tilpassingsdyktig, slik Haugesund har vore.

Målform og målføre[endre | endre wikiteksten]

Haugesund er ein bokmålskommune, men dialekten er langt frå bokmål, heller nærare nynorsk. For folk som kjem frå andre landsdelar kan dialekten vere vanskeleg å forstå. [treng kjelde] Ei dialektprøve:

Dialekt Nynorsk
Itte me hadde gått gjønå Haraldsgatå, gjekk me på ein dyr'e restaurant og fekk oss nåke mat. Det é minste forr når ein har pengårr. Me syns Haugesund e ein flott'e by, og det håpe me dåkkårr gjørr ó da. Etter at me hadde gått gjennom Haraldsgata, gjekk me på ein dyr restaurant, og fekk oss noko mat. Det er ikkje noko problem når ein har pengar. Me syns Haugesund er ein flott by, og det håper me at de gjer òg.

Noko særeige vi finn i haugesundsdialekta er bruk av adjektiv i «fleirtalsform» både i eintal og fleirtal for hann- og hokjønn. Dette finst òg andre stader i Rogaland og Hordaland. Berre tonefallet skil -- tonem 1 for eintal og tonem 2 i fleirtal. Dette gjeld ubunden form, og er eigentleg ein svarabakti-vokal. I bunden form av adjektivet er det veksling mellom a-ending (ho- og inkjekjønn) og e-ending (hannkjønn og fleirtal), alle med tonem 2.

Døme:

Fin'e > fine (fin > fine) go'e > gode (god > gode) søt'e > søte (søt > søte) sjuk'e > sjuke (syk > syke)
Den fine gutten, den fina jentå, det fina huse', dei fine jentene

Nokre enkle ord og uttrykk:

Jysla = veldig
Ei føysa = ei huske, disse
Koffårr = kvifor
Kim/kin = kven
Tébakårrs = tilbake
Hím(a) = Heim(e)

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Byen husar kvart år fleire festivalar, som til dømes Sildajazzen, Den Norske Filmfestivalen, Rockfest, Safe as milk og Kulturnatt.

Byen har fleire skulpturar utført av store norske bilethoggarar. Den mest kjende er kanskje skulpturen av Amanda, ei form som vert teke opp att i Amanda-prisen. Marilyn Monroe av Nils Aas og Gledesspreiaren av Fritz Røed er andre kjende figurar.

Namnehistorie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Haugesund kjem frå sundet mellom Hasseløy og garden Haugar, og er nemnd i Heimskringla. Sundet var ei lun hamn for dei som fòr langs norskekysten.

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]