Hopp til innhald

Gölan

Koordinatar: 59°9′11″N 17°49′45″E / 59.15306°N 17.82917°E / 59.15306; 17.82917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gölan
innsjø
Land  Sverige
Utløp Axån til Axaren
Høgd over havet 13,1 moh.
Lengd 0,22 km
Breidd 0,1 km
Areal 0,02 km²
Kystlengd1 0,58 km
Kart
Gölan
59°09′11″N 17°49′45″E / 59.153055555556°N 17.829166666667°E / 59.153055555556; 17.829166666667
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Gölan er ein liten innsjø i nærleiken av kryssinga mellom Länsväg 225 og Södra stambanan i Botkyrka kommun, Södermanland i Sverige. Innsjøen har eit overflateareal på 0,02 km², og ligg 13,1 meter over havet. Innsjøen er 3,0 meter på det djupaste. Gölan er ein del av Kagghamraån-vassdraget, og har gjennom Axån samband med Malmsjön og Axaren. Gölan tilhøyrer Nolinge gard.

På 1800-talet vart nivåa senka i innsjøane langs Axån og Skälbyån. Langs den gamle strandlinja til innsjøen ligg to gravfelt frå den yngre jernalderen. Ved eit av dei står Nolingestenen, som er ein runestein.

Gölan har høgt innhald av fosfor og nitrogen, men held, takka vere god bufringskapasitet, høge pH-verdiar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

59°9′11″N 17°49′45″E / 59.15306°N 17.82917°E / 59.15306; 17.82917