G-protein-kopla reseptor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strukturen til beta-2-adrenerg reseptor frå menneske i kompleks med ein ligand

G-protein-kopla reseptorar er transmembranprotein som finst i plasmamembranen til seller. Dei har sju α-heliksar som kryssar membranen og kan sansa signalmolekyl som hormon og nevrotransmitterar på utsida av sella. Som svar på slike signalmolekyl vil dei føra signalet inn i sella ved hjelp av heterotrimeriske G-protein. G-protein-kopla reseptorar vert delte inn i fem eller seks klassar. Menneskegenomet kodar for over 800 G-protein-kopla reseptorar. Nokre G-protein-kopla reseptorar vert aktiverte av ljos i staden for ligandar.[1][2][3]

Når ein G-protein-kopla reseptor bind seg til ein ligand, vil han gå gjennom ei endring i strukturen slik at han kan binda seg til eit heterotrimerisk G-protein. Det bundne G-proteinet kan so byta ut GDP-molekylet som α-deleininga dess er bunde til med eit GTP-molekyl og slik verta aktivert. Det aktiverte G-proteinet kan no føra signalet vidare gjennom ein signaloverføringsstig som òg kan styrkja det.[1][3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Venkatakrishnan, A. J; Deupi, Xavier; Lebon, Guillaume; Tate, Christopher G; Schertler, Gebhard F; Babu, M. Madan (2013). «Molecular signatures of G-protein-coupled receptors». Nature 494 (7436): 185. PMID 23407534. doi:10.1038/nature11896. 
  2. Fredriksson, R; Lagerström, M. C; Lundin, L. G; Schiöth, H. B (2003). «The G-Protein-Coupled Receptors in the Human Genome Form Five Main Families. Phylogenetic Analysis, Paralogon Groups, and Fingerprints». Molecular Pharmacology 63 (6): 1256–72. PMID 12761335. doi:10.1124/mol.63.6.1256. 
  3. 3,0 3,1 Audet, Martin; Bouvier, Michel (2012). «Restructuring G-Protein- Coupled Receptor Activation». Cell 151 (1): 14–23. PMID 23021212. doi:10.1016/j.cell.2012.09.003. 
  4. Chung, Ka Young; Rasmussen, Søren G. F; Liu, Tong; Li, Sheng; Devree, Brian T; Chae, Pil Seok; Calinski, Diane; Kobilka, Brian K; Woods, Virgil L; Sunahara, Roger K (2011). «Conformational changes in the G protein Gs induced by the β2 adrenergic receptor». Nature 477 (7366): 611. PMID 21956331. doi:10.1038/nature10488. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.