GAFFA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

GAFFA er eit reindyrka musikkmagasin som dekkjer den norske musikkscena frå nord til sør – frå pop til svartmetall. Forutan norske artistar er det òg fokus på den internasjonale scena sett med norske auge, dette gjennom nyhende, meldingar, intervju, artiklar og bilete. GAFFA opna heimesida si 20. oktober 2011, og i februar 2012 følgde det trykte magasinet, som vert distribuert gratis over heile Noreg.

GAFFA har eksistert i Danmark sidan 1983, og når kvar månad ut til meir enn 300.000 lesarar via sitt gratismagasin og heimesida GAFFA.dk. GAFFA har alltid hatt sterk fokus på nordisk musikk, og byrja ekspansjonen sin til Norden med lansering i Sverige i 2010, der det på kort tid, nett som med Danmark, er skapt stor kjennskap og ein solid brukarskare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]