Svartmetall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Svartmetall eller black metal er ein undersjanger av heavy metal. Nemninga «black metal» stammar frå Venom-plata Black Metal frå 1982. Dei seinare åra har det vorte meir vanleg å bruka den norske omsetjinga «svartmetall».[treng kjelde]

Venom starta opp i 1980 etter at tre personar hadde fått ideen om å spela satanistisk thrash metal. Til sine eigne namn valde dei pseudonym for ulike demonar som høvde til konseptet – Cronos på vokal, Mantasgitar og Abaddonbass. Debutplata Welcome to Hell er meir å rekna som som thrash metal enn dagsens svartmetall; dagsens svartmetall minner gjerne om den andre og tredje bylgja svartmetall. Oppfylgjaren Black Metal inneheld mange av dei elementa som seinare vart karakteristiske for svartmetall-sjangeren – rå og primitiv instrumenthandtering og eit ljodbilete som vanlege produsentar ville ha sagt låg på demo-nivå.

Seinare var svenske Bathory det fyrste bandet til å taka i bruk screaming, vokalstilen som skulle verta eit kjennemerke på svartmetall. Bathory la dessutan grunnlaget for riffingsprinsippet som vert nytta i sjangeren.

På slutten av 80-talet gav band som Darkthrone og Mayhem ljod til den norske stilen innanfor svartmetall. Klassikarar her er A Blaze in the Northern Sky frå 1991 og De Mysteriis Dom Sathanas frå 1994. Andre band fylgde i kjølvatnet – her kan nemnast Immortal, Burzum,the Kovenant, Obtained Enslavement, Enslaved, Emperor, Gorgoroth osb. Mediegjennombrotet for svartmetall kom med kyrkjebrannane og drapet på Øystein Aarseth (Euronymous) i 1993[treng kjelde], hendingar som skapte mykje åtgaum i både norske og internasjonale media.

Mange meiner at framveksten av svartmetall har gjeve nytt liv til heavy metal-sjangeren som på slutten av 80-talet var merkt av stagnasjon og skort på nyskapning. I dag har svartmetall ekspandert i so mange ulike leider at det er vanskeleg å seia kva som er svartmetall og ikkje. Medan Darkthrone framleis held seg til det gamle «true Norwegian»-konseptet (seinast med nyutgjevne Sardonic Wrath), har mange av dei klassiske svartmetall-gruppene orientert seg bort frå tradisjonell svartmetall og meir i retning av progressiv rock og elektronika.