Gaffe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein gaffe er ein som ikkje tenkjer seg om før han handlar og ofte endar opp med å gjera noko dumt. «Gaffe» blir gjerne bruka som skjellsord eller utnamn. På nordmøring seier ein da at han er «gaffåt» (normalisert nynorsk form «gaffut»). Alf Torp gav i Nynorsk etymologisk ordbok (Kristiania 1919) forklaringa at ordet skal henge saman med «gap» og dermed ha grunntydinga ‘fleipete’. Dette passar dårleg med den faktiske bruken av ordet, som ligg nærmare opp til "klossete" eller "dum". Andre vel så interessante kandidatar å vurdere som slektningar av ordet er sørsamisk gaffa (‘dum’) og gåffoe (‘dumming’) såvel som fransk gaffe (‘klossete person’). Den mest vidkjende gaffen er nok teikneseriefiguren Gaston Lagaffe, kjend i norsk omsetjing som klossmajoren Viggo.