Gahnitt
Gahnitt | |
![]() | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Oksydmineral Spinellgruppa |
Kjemisk formel | ZnAl2O4 |
Strunz-klassifisering | 04.BB.05 |
Identifikasjon | |
Farge | Mørkegrøn, blågrøn, blå til indigo, gul til brun |
Krystallform | Typisk åttesidig, sjeldan som dodekaeder, òg massiv til korna |
Krystallsystem | Isometrisk |
Tvilling | Vanleg på [111] produserer striper |
Kløyv | Utydeleg deling på [111] |
Brot | Muslig, Ujamn |
Mohs hardleiksskala | 7½–8,0 |
Glans | Glasaktig |
Strekfarge | Grå |
Transparens | Gjennomskinneleg til nesten ugjennomsiktig |
Spesifikk vekt | 4,38–4,60 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Isotrop |
Brytingsindeks | n = 1,79–1,80 |
Kjelder | [1][2][3] |
Gahnitt er ein sinkspinell med formel ZnAl2O4, eit mineral som tilhøyrer spinellgruppa.
Det vart først skildra i 1807 etter ein førekomst i Falu gruve i Falun i Dalarna i Sverige og kalla opp etter den svenske kjemikaren Johan Gottlieb Gahn (1745–1818), som oppdaga grunnstoffet mangan.[2][3]
I Noreg er det mellom anna kjent frå ein granittpegmatitt i Øvre Vats i Rogaland, og i kismalm frå Bleikvassli og Ofoten i Nordland.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/gahnite.pdf Mineral Handbook
- ↑ 2,0 2,1 http://www.mindat.org/min-1632.html Mindat
- ↑ 3,0 3,1 http://webmineral.com/data/Gahnite.shtml Webmineral
- «Gahnitt». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014.