Ofoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██  Medlemmer av Ofoten regionråd.

Ofoten (nordsamisk: Ufuohttá) er eit område i Nordland fylke med kring 27 916 innbyggjarar (1. juli 2009) og ei flatevidd på 5 512 kvadratkilometer, fordelt på dei seks kommunane Ballangen, Evenes, Lødingen, Narvik, Tjeldsund og Tysfjord. Regionsenteret er byen Narvik.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ofoten, som no står for heile regionen, er avleidd av det opphavlege namnet for Vestvågøy åleine; Lófót. Flakstadøya, som er øya attmed, vart kalla for Vargfót. Sisteleddet i begge namna er det norrøne fótr som tyder ‘fot’. Førsteleddet er eit dyrenamn, høvesvis varg for ‘ulv’, og ló for ‘gaupe’. Øynamna tyder derfor ‘Gaupefoten’ og ‘Ulvefoten’. Antakeleg er det forma på fjella som har inspirert namna.

Ballangen er opphavleg eit fjordnamn, der siste ledd er det norrøne angr for ‘fjord’. Førsteleddet er usikkert, mogleg avleidd frå ein gard i området.

Evenes er truleg ei samanstilling av namnet Øyvind og sisteleddet nes, frå det norrøne nesjar, altså ‘framstikkande odde’.

Narvik er opphavleg eit gardsnamn, der førsteleddet kanskje kjem frå Njarðarvík, etter den norrøne guden Njord.

Tjeldsund er eigentleg namnet på sundet mellom Tjeldøya og Hinnøya. Tjeld kjem anten frå Tjold eller Tjalda. Er det Tjold kjem det frå norrønt ‘leir’, ‘telt’, om det skulle vera Tjalda har det opphav frå norrønt for fuglen tjaldr, ‘tjeld’.

Tidlegare kommune[endre | endre wikiteksten]

Ofoten òg namnet på ein tidlegare kommune. Kommunen dekte dagens Narvik kommune og størstedelen av kommunane Evenes og Ballangen.

  • 1. januar 1884 vart Ofoten kommune delt opp i kommunane Evenes (Evindnæs) og Ankenes. Ankenes svarer til det som i dag er Narvik kommune.
  • 1. juli 1925 vart Evenes kommune delt opp i kommunane Evenes og Ballangen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]