Galapagospingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Galapagospingvin
Galapagospingvin
Galapagospingvin
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Galapagospingvin
Utbreiinga av Galapagospingvin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Spheniscus
Art: Galapagospingvin S. mendiculus
Vitskapleg namn
Spheniscus mendiculus

Galapagospingvin, Spheniscus mendiculus er ein pingvin endemisk til Galápagosøyane. Det er den einaste pingvinen som òg lever naturleg nord for ekvator, dei kan overleve i så varmt klima på grunn av nedkjøling frå Perustraumen og kjølig vatn frå store djupn bringa opp av Cromwellstraumen. Dei nærskylde andre artane i slekta Spheniscus lever langs kysten av fastlandet av Sør-Amerika og sørlege Afrika.

Galapagospingvinen er den tredje minste arten av pingvinar. Den gjennomsnittlege galapagospingvinen er 49 centimeter lang og veg 2,5 kilo. Dei har eit svart hovud med eit kvitt band som går bak frå auget, rundt dei svarte øyredekkarar og fram og ned til halsen. Dei har gråsvart overside og kvit underside. Ungfuglar har eit heilt mørkt hovud. Hofuglar er mindre enn hannane, men er elles ganske lik.

Galapagospingvinen lever primært på Fernandina Island og vestkysten av Isabela-øya, men små bestandar er spreidd på andre øyar i Galapagosøygruppa. Nordspissen av Isabela kryssar ekvator, noko som tyder at galapagospingvinar tidvis vitjar den nordlege halvkula, som einaste pingvinart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]