Galdhøpiggen sommerskisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Galdhøpiggen sommerskisenter er eit skisenter som ligg på Juvbreen ved foten av Galdhøpiggen i Lom kommune i Oppland. Anlegget har ein T-krok-heis, med kapasitet på 1200 personar i timen, og éin nedfart som er 1400 meter lang og har 350 meter høgdeforskjell.[1] Bakken er godt eigna til både alpint, telemark og snøbrett.[2]

Ved innkøyrselen er det ein kafeteria med 210 sitteplassar, og avdeling for utleige av alpint utstyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sommerski på Vestlandet». fjords.com. Henta 22. januar 2014. 
  2. «Sommerski». visitnorway.com. Henta 22. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]