Gamleåret seig i hav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ja! um Nyaarsdagen rann
Yver Jord ein Morgonrode,
Som igjenom verste Vaade
Utan Skymring lysa kann:
Jesu Namn eit Nyaar vigde,
Som verd aldri gamalt att;
Det hev Ljos forutan Brigde,
Det hev Dag forutan Natt.

3. verset av Elias Blix «Gamleaaret seig i Hav», frå Nokre Salmar 1869

«Gamleåret seig i hav» er ein nyårssalme skriven av Elias Blix.

Med fyrstelina «Gamleaaret seig i Hav» stod salmen alt i første heftet av Nokre Salmar (1869), som nummer to,[1] den gongen med sju vers.

Salmen står med fem vers i Norsk Salmebok på nummer 85, under bolken «Nyårsdag». Salmen er inspirert av dei fyrste kapital i Fyrste mosebok, og denne tidlege Blix-salmen brukar det poetiske verkemiddelet som vart eit særkjenne for Elias Blix, kontrasten lys – mørker.[2] I tilknyting til nyårsdagen som Jesu namnedag, tar salmen opp lyset som ligg i Jesu namn.

Melodien[endre | endre wikiteksten]

I dei fyrste utgåvene av Nokre Salmar er melodireferansen «Rind nu op i Jesu Navn», i utgåva frå 1891 er det vist til melodien «Saligheten er oss nær». I Norsk Salmebok er desse to salmane begge oppførte med ein melodi av Ludvig M. Lindeman, komponert i 1863.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]