Gandsja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gandsja
Gəncə
by
Våpenskjold
Land  Aserbajdsjan
Koordinatar 40°40′58″N 46°21′38″E
Høgd 408 m
Areal 110 km²
Folketal 313 300  (2009)
Tidssone GMT+4 (UTC+4)
Kart
Ganja
40°40′58″ N 46°21′38″ E
Wikimedia Commons: Gəncə
Nettstad: www.ganca.net

Gandsja (aserbajdsjansk Gəncə) er den nest største byen i Aserbajdsjan med kring 315 000 innbyggjarar.[1][2] Han heitte Jelisavetpol under Det russiske imperiet. Byen tok attende det originale namnet Gandsja i 1920 då han vart innlemma i Sovjetunionen. Namnet vart i 1935 igjen endra til Kirovabad og hadde dette namnet fram til 1989 under perestrojka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjah Abbas-moskeen.

Gandsja vart grunnlagd kring 859-860 av Mohammed Khaled, ein arabisk guvernør i regionen under kalif Al-Mutawakkil. Historisk var byen ein viktig by i Sør-Kaukasus og var ein del av Sassanideriket, Seldsjukkarriket, atabegane av Aserbajdsjan, Khwarezmid-imperiet, Ilkahnatat,[3] Timurideriket,[4] jalayiridane,[5] Qara Qoyunlu,[6] Ak Koyunlu,[7][8] Safavide-, Afsharide-, Zand- og Qajar-rika i Persia/Iran, men ofte lokalt styrt av khanar og hertugar av Ganja-khanatet. Ganja er òg fødestaden til den kjende diktaren Nizami Gandsjavi

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Ganja
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 6,5 6,8 11,9 19,2 23,4 27,9 31,4 29,9 26 19,3 12,6 8,3 18,6
Gjennomsnittleg min °C −2,3 −1,2 2,2 7,7 12,2 16,3 19,5 18,3 15,2 9,2 4,5 0 8,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 10 17 32 30 42 46 23 18 16 32 14 18 298
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN) [9]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]