Gapøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gapøya
Gapøya sett frå sørenda av øya
Gapøya sett frå sørenda av øya
Geografi
Norway - Gapøya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°51′05″N 16°00′00″EKoordinatar: 68°51′05″N 16°00′00″E

Areal 4,5 km²

Høgaste punkt Skardholtan (268 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Gapøya er ei øy i Kvæfjord kommune i Troms med eit areal på om lag 4,5 km². Øya ligg mellom Godfjorden og Kvæfjorden. Godfjorden vart overført til Sortland kommune i Nordland 1. januar 2000, men Gapøya vart verande att i Kvæfjord. Det høgaste punktet på Gapøya er 268 moh.

Sørenden av Gapøya var tidlegare busett, men øya er no fråflytta. Nord for Gapøya ligg Gapøyholman, Storholmen og nokre mindre holmar. Gapøyholman og størstedelen av Gapøya er i dag verna som naturreservat. På Gapøyholman er det forbode å gå i land mellom 1. mai og 15. juli.

Det finst spor etter eldre busetnad i den småkuperte sørenden av øya. Utmarka med lyngheier og myrer dekker størstedelen av øya som for det meste består av ein kolle med svaberg rundt.

I liene på dei lågare delane på Gapøya veks bjørkeskog som stort sett er småvaksen. På toppen av øya og i delar av dei lågare partika dominerer lyngmarka.

Området er næringsfattig. Utanfor lokaliteten i sør finst i tilknyting til strendene dunhavre, strandreddik, skjørbuksurt og strandrug. Hundekjeks er totalt dominerande på gammal dyrka mark. Kulturlandskapet er sterkt prega av at landbruksdrifta har teke slutt.

Kort historikk[endre | endre wikiteksten]

Gapøya ligg ytst i Kvæfjorden. Funn viser at Gapøya har vore busett sidan steinalderen. Viktigaste næringsveg opp gjennom tidene har vore jordbruk og fiske. I dag er det åtte eigedomar med bygg, dei fleste frå seint på 1800-talet. I tillegg har det har òg vore drive med handel, post og fiskemottak. I 1934 vart det bygd kai til lokalbåttrafikk og fiskemottak. I tidlegare tider har det budd meir enn 40 menneske på Gapøy. Frå om lag 1960 byrja folketalet å gå ned og dei siste flytta frå øya i 1971.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]