Strandrug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strandrug
Strandrug
Strandrug
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Stamme: Triticeae
Slekt: Leymus
Art: Strandrug L. arenarius
Vitskapleg namn
Leymus arenarius

Strandrug (Leymus arenarius, tidlegare Elymus arenarius) er ein fleirårig grasart med karakteristiske blågrøne, lange og spisse blad, og eit kornstrå med aks som kan minna om rug. Rotsystemet er forgreina, og gjer at planten kan spreia seg som bindeplante langs sandstrender. Han har ei høgd på 40-70 cm.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blada er 8-15 mm breie, spisse ytst og hole nedst, og kan rulla seg til sylinderformasjon i sterkt sollys for å halda på fukt. Bladnervane er relativt grove. Aksa er 15-30 cm høge, og fargen går frå grøn til halmgul i løpet av sommaren. Aksa veks med 2-4 småaks per ledd på kornstilken.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Strandrug er nokre av dei mest nøysame plantane på sandstrender, men plasserer seg likevel gjerne ytst (mot strandsida) for å nyta godt av jord som bles inn over stranda.

Planten veks langs strender i heile Kyst-Noreg, og langs elvebredder i innlandet. I nødsår har ein nytta strandrug som basis for mjøl i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]