Gaschurn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaschurn, sett frå søraust

Gaschurn er ein landkommune i distriktet Bludenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som dekker eit areal på 175,4 km² og har 1468 ibuarar i 2016, ligg øvst i Montafon-dalen og lengst sør i Vorarlberg. Gaschurn omfattar landsbyane Gaschurn, 979 meter over havet, og Partenen, 1051 moh.

52% av flatevidda er høgfjell, 13% er skogdekt. Fjelltoppen Piz Buin ligg søraust i kommunen, på landegrensa mellom Austerrike og Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]