Gascogne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Gascogne.

Gascogne er eit landskap og ein tidlegare provins i Frankrike. Gascogne ligg sørvest i landet, mellom Pyreneane og Garonne. Området ofattar stort sett dei noverande departementa Landes, Hautes-Pyrénées, Gers, Haute-Garonne og mindre delar av Pyrénées-Atlantiques, Lot-et-Garonne og Tarn-et-Garonne. Hovudstaden i provinsen var Auch.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gascogne heitte opphavleg «Vasconia» etter vaskonane eller baskarane som kom inn i landet frå sør. På 500-talet blei dei fortrengt av vestgotarane. Frå 602 kom landet under frankisk herredøme, sjølv om dette tidvis berre var i namnet. Midt på 700-talet blei landet tettare knytt til Frankarriket, først under Pippin den yngre og seinare under Karl den store. Seinare blei Gascogne eit eige hertugdøme.

I 1054 blei Gascogne sameint med resten av Aquitania (Guyenne). I 1154 kom begge områda under engelsk styre då Eleonora av Aquitaine gifta seg med Henrik II av England. Etter mange stridar under hundreårskrigen blei Gascogne fransk i 1453.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Gascogne» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gascogne
Spire Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.