Haute-Garonne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haute-Garonne
Våpenskjoldet til Haute-Garonne
Plassering
Plasseringa til Haute-Garonne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 31
Region: Midi-Pyrénées
Préfecture: Toulouse
Sous-préfectures: Saint-Gaudens
Muret
Arrondissement: 3
Kantonar: 53
Kommunar: 588
Président du conseil général: Pierre Izard
Statistikk
Folketal Rangering 17.
 -2005 1 155 838
Folketettleik: 183/km²
Landareal¹: 6 309 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Haute-Garonne (oksitansk: Nauta Garona, norsk Øvre Garonne) er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées, og er kalla opp etter elva Garonne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Haute-Garonne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Midi-Pyrénées og grensar til departementa Hautes-Pyrénées, Gers, Tarn-et-Garonne, Tarn, Aude og Ariège. Det grensar òg til Spania i sør (provinsane Lleida og Huesca).

Elva Garonne renn nesten 200 km gjennom departementet. Lengst sør ligg Pyreneane og det høgaste punktet i departementet er Perdiguère med ei høgd på 3 222 meter over havet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Haut-Garonnais. Den største folkesetnaden bur rundt Toulouse. Dei sørlege områda er tynt folkesett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Haute-Garonne