Gasherbrum Aust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gasherbrum Aust
Gasherbrum III (til venstre), Gasherbrum II (i midten) og Gasherbrum Aust (kuppelen heilt til høgre)

Gasherbrum III (til venstre), Gasherbrum II (i midten) og Gasherbrum Aust (kuppelen heilt til høgre)

Høgd over havet 7 758 m
Område På grensa mellom Pakistan og Kina
Skardhøgd 170 mfd2
Koordinatar 35° 45′ 21″ N, 76° 40′ 0″ AKoordinatar: 35° 45′ 21″ N, 76° 40′ 0″ A
Gasherbrum Aust (China)
Gasherbrum Aust
Førsteklatring 24. juni 1983, Jerzy Kukuczka og Wojciech Kurtyka i alpin stil
Normalrute Høgfjellstur over bre
Merknader Bitopp til Gasherbrum II

Gasherbrum Aust er ein topp i Gasherbrum-massivet i Karakorum på grensa mellom Pakistan og Kina. Til skilnad får andre toppar i dette massivet (t.d. G I, G II og G IV) blir ikkje G A rekna som eit sjølvstendig fjell, då det ikkje oppfyller dei krava til skardhøgd og dominans som blir krevd for fjell i Himalaya. Fjellet blir rekna som ein bitopp til Gasherbrum II eller som relativt sjølvstendig hovudtopp.[1] Toppen er plassert på søraustegga til Gasherbrum II, mellom hovudtoppen og Gasherbrum La, passet mellom G II og G I.

Klatrerhistorikk[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1983 klatra polakkane Jerzy Kukuczka og Wojciech Kurtyka Gasherbrum II over austegga i alpinstil. For å akklimatisere seg førsteklatra dei Gasherbrum Aust, der dei var 24. juni. Etter ein bivuakk på toppen gjekk dei ned til base camp og klatra få dagar seinare G II. På vegen til hovudtoppen gjekk dei over Gasherbrum Aust og sidan dei steig ned via normalruta, var dette den første traversen av Gasherbrum II.[2]

7. juli 2006 klatra sveitsarane Ueli Steck, Hans Mitterer og Cedric Hählen som dei første nordveggen og til toppen av GII, den første klatringa frå kinesisk side. På grunn av lavinefare valde dei å snu utan å gå over egga til hovudtoppen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er hovudsakleg basert på artikkelen Gasherbrum Ost frå Wikipedia på tysk slik den var 10. juli 2012.