Gassasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gassasundet er eit sund mellom Bømlo og Spissøy i Bømlo kommune. Over sundet går Spissøybrua. Sundet går frå Bømlafjorden i sør til Sagvågsfjorden i nord.

Djupna i Gassasundet varierer mellom 3-4 meter og 10-15 meter.

På Bømlo-sida av sundet deler Riksveg 542 seg i tre, med ei forgreining ut til Trekantsambandet. Gassasundet er difor eit viktig knutepunkt for transport på Bømlo. Her møtast alle bussar mellom Moster, Svortland og Føyno/ Stord, og staden har eit stort busstopp med parkeringsplass.