Gaularspelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gaularspelet er eit historisk spel som vert synt på utescene på Osen Gard, i Gaular kommune i Sogn og Fjordane i august annakvart år. Spelet vart til i 1987 etter ein idé av Egil Hjelmeland. I fleire år sidan 2000 er det versjonen Kjærleikssaum skriven av Rolf Losnegård som har blitt synt. Spelet er bygd opp på ein stor lokal dugnadsinnsats der dei fleste aktørane er amatørar, men med enkelte profesjonelle innslag.

Gaularspelet byggjer på historiske hendingar i Dalsfjordområdet i vikingtida mellom år 865 og 874. Desse hendingane var viktige, ikkje berre i høve til maktkampen kring samlinga av Noreg, men i endå større grad busettinga på Island.

Kjærleiksaum er eit drama om korleis det kan ha gått føre seg då Harald Hårfagre sende mennene sine til veitsle hjå Atle Jarl «hin Mjove» (den smale) som styrde Gaular og Sygnafylket for han. Det handlar om Ingolf Arnarsson og syster hans Helga «Den Fagre» som var lova til frenden Leiv Rodmarsson, men som òg Holmstein, son til Atle Jarl, var hugteken av. Det fortel også om korleis drapet på Atlesønene førte til at Ingolfr og Leiv vart dømde fredlause og reiste vest i havet til Island og slo seg ned der.

Speleår[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 - Urpremiere på Gaularspelet, forfatta av Egil Hjelmeland. Regissør: Kristin Geiring. Musikk av Glenn Erik Haugland. Stad: Osen Gard
  • 1988 - Regi: Kristin Geiring
  • 1990 - Regi: Kristin Geiring
  • 1992 - Regi: Kristin Geiring
  • 1995 - Regi: Kristin Geiring
  • 1997 - Oddvar Helland omarbeidde manus, og hadde regi på dette. Spelestaden blei flytta til bak Osen Stadion.
  • 2000 - Den siste versjonen av spelet, Kjærleikssaum (Rolf Losnegård) oppført for første gong, attende på den opphavlege speleplassen på Osen Gard. Ny musikk skriven av Magne Rutle. Instruktør: Rolf Losnegård.
  • 2002 - Kjærleikssaum, instruktør: Rolf Losnegård. Spelet igjen flytta, denne gongen inn til Osbogen, p.g.a. arkeologiske utgravingar på den opphavlege speleplassen, som no vert bygd om til amfi, som ein del av tusenårsstaden til Gaular kommune.
  • 2005 - Kjærleikssaum, instruktør: Rolf Losnegård. Spelet er igjen attende på den opphavlege speleplassen, som no er bygd om til amfi.
  • 2007 - Kjærleikssaum, instruktør: Idun Losnegård.
  • 2009 - Kjærleikssaum, instruktør: Idun Losnegård
  • 2012 - Kjærleikssaum, instruktør: Idun Losnegård. 25 års jubileum.
  • 2014 - Kjærleikssaum, instruktør: Torkil Sandsund Scenekampinnstruktør: Jeff Pederen, hovudrolle: Nils Sletta

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]