Landnåm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Landnåm (frå norrønt landnám, kan omsetjast til 'landkjenning' eller 'å ta land') er ei nemning på at nytt land vert busett, og teke i bruk til landbruk. Ordleddet -nåm er det same som i anamme, det vil seia å tileigna seg. Uttrykket vert nytta innan historiefaget om busetting i eldre tid, og særleg norrøn tid. I nyare tid vert ordet bureising nytta. Uttrykket «indre landnåm» er ei nemning på aukande busetting innover i landet, medan «ytre landnåm» er busetting på område ein måtte reisa til over havet.

I norrøn historie vert det tala om landnåm på Island, Færøyane, Orknøyane, Grønland og Vinland/Newfoundland. Landnámabók er den av islendingesogene som fortel historia om dei første slektene som busette Island. Ein person som stod i spissen for landnåm vert gjerne kalla landnåmsmann (landnámsmaður). Nemninga «landnåm» vert bruka om fast busetting frå Noreg eller av norskætta personar. Såleis tek nemninga ikkje omsyn til busetting av andre folkeslag. Til dømes budde det eskimoar på Grønland og indianarar i Vinland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.