Geir Bergkastet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Bergkastet
Fødd 6. mai 1961 (60 år)

Geir Bergkastet (fødd 6. mai 1961) er er administrerende direktør ved Den Norske Opera & Ballett sidan 1. august 2017.[1]

Han var direktør ved Høyskolen i Lillehammer frå 1. november 2013 fram til han blei direktør ved Operaen, som han blei utnemnd til den 20. desember 2016.[2][3]

Bergkastet tok til i stillinga 1. juni 2006. Oslo Kino er Norges største kinoverksemd og driv 9 kinoar i Oslo. Bergkastet er i tillegg styreleiar for dotterselskapa Norsk Kinodrift, Oslo Kinodrift, Media Direct Norge, Norsk Filmdistribusjon, Colosseum Kino Eiendom og Eldorado Kino Eiendom.

Geir Bergkastet er utdanna økonom frå Høgskolen i Stavanger. Han hadde si første stilling som økonomikonsulent ved Statens veterinærhøgskole.[1] Deretter blei han tilsett ved Statens teaterhøgskole,[1] der han var i administrasjonen frå 1988 til 96.

Bergkastet har tidlegare vore direktør ved Nationaltheatret og direktør ved Rogaland Teater.[4] Frå 2006 til 2013 var han administrerande direktør i Oslo Kino.

Han har vore styreleiar for Sentralen, Dansens Hus og Teater Manu, og sete i styret for Sparebankstiftelsen DNB, Sentralen, Filmweb og NRK.[1]

Bergkastet er gift med skodespelaren Ingjerd Egeberg.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Geir Bergkastet \ Den Norske Opera & Ballett». Operaen.no (norsk bokmål). Henta 31. desember 2017. 
  2. NRK. «Geir Bergkastet blir ny operadirektør». NRK. Henta 20. desember 2016. 
  3. «Denne mannen skal redde den gjeldstyngede i Operaen». Dagbladet.no (norsk). 20. desember 2016. Henta 31. desember 2017. 
  4. 4,0 4,1 «- Jeg er opptatt av åpenhet». Dagbladet.no (norsk). 20. desember 2016. Henta 31. desember 2017.