Sparebankstiftelsen DNB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sparebankstiftelsen DNB, opphavleg Sparebankstiftelsen DnB NOR, er ei norsk stifting som er den største i landet i sitt slag. Stiftinga har som føremål å halde fram med tradisjonen frå sparebankane om å dele ut middel til ålmennyttige føremål frå avkastinga av finansverksemda.

Stiftinga vart skipa i 2002 i samband med at ein part av selskapet Gjensidige NOR vart omdanna til aksjeselskapet Gjensidige NOR ASA, og i 2003 fusjonerte med Den norske Bank (DnB) til finanskonsernet DnB NOR. Etter at DnB Nor slo saman verksemda i DnB NOR Bank, Postbanken og Vital i 2011 og endra namnet til DNB, fekk Sparebankstiftelsen DNB NOR sitt noverande namn.

Sparebankstiftelsen DNB eig om lag ti prosent av finanskonsernet DNB, og er med dette (per 2011) den nest største aksjonæren i dette konsernet etter den norske staten. Stiftinga er òg medlem i den ideelle foreininga Foreningen Store norske leksikon, som driv nettleksikonet snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]