Geitsvingel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geitsvingel
Geitsvingel
Geitsvingel
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Slekt: Svingel Festuca
Art: Geitsvingel F. vivipara
Vitskapleg namn
Festuca vivipara

Geitsvingel (Festuca vivipara) er ei fleirårig plante i grasfamilien. Planta vert kring 2 dm høg og har trådsmale ihoprulla blad. Ho har granne rette strå og vivipar, svartfiolett topp. Inneragna kan ha snerpe. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Han finst i Nord- og Aust-Europa, austlege Russland og Sibir og i subarktiske område av Nord-Amerika.

Artsdatabanken reknar med at om lag 25-50 % av all geitsvingel i verda veks i Noreg. Geitsvingel veks i alle fjelltrakter i landet og har vore funnen opp til 2300 m på Galdhøpiggen. Han blomstrar kring juni månad på heiar til fjells og langs kysten i vest og nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Geitsvingel