Gene Amdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gene Amdahl

Statsborgarskap USA
Fødd 16. november 1922
Flandreau
Død

10. november 2015 (92 år)
Palo Alto

Yrke fysikar, ingeniør, informatikar, gründer, forretningsdrivande
Medlem av National Academy of Engineering
Ektefelle Marian Quissell
Gene Amdahl på Commons

Gene Myron Amdahl (16. november 192210. november 2015) var ein datamaskinarkitekt og teknologientreprenør, kjent for arbeidet sitt med stormaskinar hos IBM og seinare sine eigne selskap, spesielt Amdahl Corporation. Han formulerte Amdahls lov, som viser til ei grunnleggjande avgrensing i ytingar ved parallellprosessering.

Amdahl vitjar Amdal på Nedstrand-halvøya i Tysvær kommune, 2008

Amdahl vart fødd i Sør-Dakota av norsk-svenske immigrantar. Etter å ha gjort teneste i marinen under andre verdskrigen fullførte han ei grad i teknisk fysikk ved Sør-Dakota State University i 1948. Amdahl fullførte doktorgrada si ved University of Wisconsin–Madison i 1952, og blei tilsett hos IBM same året.

Hos IBM jobba han som sjefsarkitekt ved utvikling av IBM System/360 stormaskin og har fått kreditt for arkituren og stormaskinplattformen frå IBM. Frustrert over byråkratiet i IBM grunnla han Amdahl Corporation i 1970, og konkurrerte direkte med IBM ved å lage kostnadseffektive, «pluggkompatible» stormaskinar.[1] Seinare satsingar inkluderte Trilogy Systems og Andor International, sjølv om begge møtte utfordringar.[2][3]

Amdahl fekk ei rekkje utmerkingar, han vart valt til Distinguished Fellow of the British Computer Society (DFBCS) i 1979, og i 1983 vart han tildelt Harry H. Goode Memorial Award av IEEE Computer Society «i anerkjenning av det framifrå bidraget hans til design, applikasjonar og produksjon av store høgytingsdatamaskinar.»[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amdahl, Gene M. (1989). Oral history interview with Gene M. Amdahl. Interview with Arthur L. Norberg. Charles Babbage Institute. hdl:11299/104341. OH 107. Henta 19. mai 2024. 
  2. Amdahl, Gene M. (24. september 2000). Amdahl, Gene oral history. Interview with William Aspray. Computer History Museum. CHM Ref: X5988.2011. Henta 19. mai 2024. 
  3. «Gene Amdahl, Known at IBM as the Father of the Mainframe, Dies at 92». The New York Times Company. 13. november 2015. 
  4. «Past recipients for Harry H. Goode Memorial Award». Arkivert frå originalen February 19, 2009. Henta 19. mai 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gene Amdahl