Tysvær kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tysvær kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Aksdal
Areal 425 km²
 - land 399 km²
 - vatn 26 km²
Folketal 10 925 (1. januar 2016)
Folketettleik 27 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Sigmund Lier (Ap)
Kommunenummer 1146
NO 1146 Tysvær.svg
Wikimedia Commons: Tysvær

Tysvær er ein kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Han grensar til kommunane Haugesund og Karmøy i vest, Sveio i Hordaland og Vindafjord i nord, over Vindafjorden i aust ligg Suldal, og over Boknafjorden i sør ligg Finnøy og Bokn. E39 og E134 går gjennom Tysvær og kryssar kvarandre i kommunesenteret Aksdal.

Kommunen ligg på nordsida av Boknafjorden og landskapet er prega av fleire fjordar som går innover i landet sørfrå. I vest ligg Førresfjorden, litt lenger aust Førlandsfjorden, så kjem Hervikfjorden/Skjoldafjorden/Grindafjorden før kommuen vert avgrensa av Vindafjorden i aust. I nordaust går grensa mot Vindafjord kommune i Yrkefjorden. Mellom fjordane ligg det ein del mindre innsjøar og vatn. Det er ein del mindre øyer i kommunen, den største av dei, og den einaste som er busett, er Borgøy som ligg i Skjoldafjorden.

Mange av dei som bur i Tysvær har arbeidet sitt i Haugesund. Elles er jordbruk ein viktig leveveg, og det vert også dreve noko fiske og fiskeoppdrett. Sørvest i kommunen ligg Kårstø gassbehandlings- og kondensatanlegg.

Tysvær Bygdeblad er lokalavis for Tysvær. Haugesunds Avis har òg nyhende frå kommunen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]