Sør-Dakota
| Sør-Dakota South Dakota | |||
| delstat | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Pierre | ||
| Areal | 199 729 km² | ||
| • land | 196 540 km² | ||
| • vatn | 3 189 km² | ||
| Folketal | 869 666 (2017) | ||
| Folketettleik | 4 / km² | ||
| Guvernør | Larry Rhoden | ||
| Før innlemming | Dakota-territoriet | ||
| Innlemma i USA | 2. november 1889 | ||
| Statsnummer | 39. eller 40. | ||
| Forkorting | SD | ||
![]() Sør-Dakota 44°30′N 100°00′W / 44.5°N 100°W | |||
| Wikimedia Commons: South Dakota | |||
| Nettstad: sd.gov | |||
Sør-Dakota er ein delstat i USA. Hovudstaden er Pierre, men den største byen er Sioux Falls.

I Sør-Dakota ligg Mount Rushmore, fjellet der likskapen til fleire amerikanske statsmenn er hogne ut.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sør-Dakota blei godkjend som eigen stat i ein lov vedteken den 22. februar 1889, saman med Nord-Dakota, Montana og Washington. Dei to Dakotaene blei formelt innlemma i USA av president Benjamin Harrison den 22. november same året. På grunn av mykje kiving mellom nord og sør, sørgde presidenten for å stokka om papira deira slik at ein ikkje skulle finna ut kva stat som var blitt innlemma først.
Innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]
Dei første franske og andre europeiske oppdagarane i området møtte fleire innfødde folkegrupper, til dømes omahaene og arikaraene, men ved byrjinga av 1800-talet var siouxfolk (dakota, lakota og nakota) dei dominerande gruppene.
I dag er staten dominert av kvite, 88 % definerte seg som dette i folketeljinga i 2003. Samstundes har staten den største konsentrasjonen av folk som definerer seg som urfolk i fastlands-USA, 8,3 %. Heile 40,7 % av innbyggjarane stammer frå tyskarar og 15,3 % frå nordmenn. Dette er dei to største «avstammingsgruppene» i Sør-Dakota, med irar, indianarar og engelskmenn som følgjer.
Kjende personar frå Sør-Dakota
[endre | endre wikiteksten]- Crazy Horse, siouxhøvding
- Ernest Lawrence, fysikar og nobelprisvinnar
- Red Cloud, siouxhøvding
- Sitting Bull, siouxhøvding

