Genetisk kode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den genetiske koden er i hovudsak felles for alt liv på jorda. Berre bakteriar og arkebakteriar har mindre avvik. Denne koden bestemmer korleis protein skal byggjast opp på grunnlag av RNA-molekyl som igjen er «avtrykk» av DNA-molekyla. Basane vert lesne tre og tre, og kvar triplettkombinasjon kodar for ei bestemt aminosyre. Tre av kombinasjonane koder ikkje for noka aminosyre, og gjev eit brot i aminosyrekjeden. Aminosyrekjeden vert kalla eit peptid. Det er fire typar basar i RNA-molekylet som vert forkorta U, C, A og G. Dette gjev 64 moglege triplettkombinasjonar. Kombinasjonen AUG vert lesen som startpunkt i byrjinga av ein sekvens, men som metionin (Met) inne i ein sekvens.